LEDIG STILLING:

ViteMeir søkjer sals- og bookingansvarleg

Er du glad i menneske og lev for å skapa gode opplevingar? Har du lyst til å jobba med sal, marknad og booking på ein av dei råaste arbeidsplassane i Sogn? Me søkjer sals- og bookingansvarleg til ViteMeir

Fakta om stillinga:

Søknadsfrist: 15.06.2021

Oppstart: Etter avtale, seinast 1. oktober

Tilsetjingsform: 100 % fast stilling

Om arbeidsgivar:

ViteMeir – Vitensenteret i Sogn og Fjordane as – er under bygging på Kaupanger i Sogndal kommune. Senteret skal gje eit inspirerande og lærerikt tilbod til barnehagar og skular innan realfag, vere eit teknologisk opplevingssenter for familiar og fritidsgjestar, og ein unik møte- og arrangementsarena for næringslivet. Planlagt opning er 11. november 2021.


Dette er ei allsidig og variert stilling med mange spennande arbeidsoppgåver. Du vil møte ein variert arbeidskvardag, og me kan love deg at du vil ha det både moro og utviklande på jobb. Saman skal me skape ei unik oppleving for gjestane våre, og me må saman ta utfordringar på strak arm.


Ansvarsområder:

Som alle andre tilsette på ViteMeir er det viktig at du har eigenskapa til poteta og kan brukast til det meste. Me kan garantere deg at me ikkje har kjennskap til alle dine daglege oppgåver, men me har eit bilete av kva du kan forventa:

  • Ansvarleg for bookingsystem
  • Drift og bemanning av resepsjon og butikk, i tett dialog med formidlingsleiar
  • Personalansvar for tilsette i din avdeling
  • Mottak av innkomande førespurnadar som m.a. barnebursdag, arrangement og møter.
  • Produktutvikling reiseliv og bedriftsmarknad
  • Personalansvar for tilsette i din avdeling
  • Dagsoppgjer, rutinar og kontroll i din avdeling
  • Oversikt og kontroll på intern og ekstern nettside

Stillinga rapporterer til dagleg leiar.


Kva kvalifikasjonar og eigenskapar ønskjer me at du har?

  • Erfaring frå resepsjon-, sals-, marknads eller booking-arbeid og/eller utdanning innan sal og marknadsføring
  • God relasjonsbyggar
  • Engasjert og entusiastisk
  • God haldning og høg moral
  • Strukturert, sjølvstendig og initiativrik
  • Fleksibel, kreativ og løysingsorientert
  • Gode munnlege og skriftlege norsk- og engelskkunnskapar
  • Glad i nye digitale løysingar


ViteMeir tilbyr:

  • Interessante og faglege utfordrande arbeidsoppgåver i eit kreativt miljø
  • Godt arbeidsmiljø med trivelege kollegaer
  • Gode pensjons - og forsikringsordningar
  • Løn etter avtale


Har du spørsmål? Ta kontakt med

Søknad med CV skal sendast til [email protected]

Powered by Labrador CMS