LEDIG STILLING:

GODE KOLLEGAER: I Porten får du gode kolllegaer og får jobbe i noko av den finaste naturen landet har å by på. Sogn er også ein spennande region innanfor alt frå næringsliv og industri, sport og politikk.
GODE KOLLEGAER: I Porten får du gode kolllegaer og får jobbe i noko av den finaste naturen landet har å by på. Sogn er også ein spennande region innanfor alt frå næringsliv og industri, sport og politikk.

Vil du jobba med oss?

Om stillinga:

Søknadsfrist: 31.07.21

Type: Fast/årsvikariat

Arbeidsstad: Årdal

Tilsetjing: Snarast mogleg

Porten.no er på topp tre-lista blant dei raskast veksande lokalavisene i landet. No ønskjer me ein sjølvdrivande og engasjerte journalistar, som kan vere med å ta avisa enda eit steg vidare.

I porten.no får du ta del i eit ungt, energisk og hardtsatsande arbeidsmiljø. Hovudkontoret i Årdal og kontoret i Sogndal er plassert like ved eit mylder av naturmoglegheiter, anten du likar toppturar og pudder, kajakkpadling, fjellklatring, elvefiske eller luftsport.

Hos oss er det kort veg mellom idé og realisering: me er alltid interesserte i å testa nye konsept som kan heve produktet.

I VEKST: Nettavisa Porten er i stor vekst, og ønskjer journalistar som kan hjelpe oss å halde fram med den veksten. Er det deg?
I VEKST: Nettavisa Porten er i stor vekst, og ønskjer journalistar som kan hjelpe oss å halde fram med den veksten. Er det deg?

Ansvar og oppgåver:

Du vil vere med å produsera og utvikla det redaksjonelle arbeidet i Sogn. Her er det viktig å:

  • byggje nettverk innan politikk, næringsliv og lokalsamfunnet elles
  • stille førebudd til kvar vakt med eigne idear
  • oppsøkje nyheiter utanfor kontoret og jakte dei gode historiene

Ønskja kvalifikasjonar og bakgrunn:

  • Relevant høgare utdanning, eller jobberfaring fortrinnsvis innan journalistikk eller andre samfunnsområde, som økonomi, samanliknande politikk, o.l.
  • Oppdatert på utviklinga i norsk presse, både journalistfagleg og teknologisk
  • God etisk vurderingsevne
  • Porten.no er ei nynorskavis, og vår nye journalist må vera trygg på å skriva nynorsk

Me søkjer deg som:

  • Er konkurransedriven og er ambisiøs
  • Jobbar raskt og trivst i eit hektisk miljø
  • Ønskjer å vere med å byggja opp bedrifta
  • Held fokus sjølv om det er mange ballar i lufta
  • Jobbar godt åleine og i team
  • Er samfunnsengasjert, nysgjerrig og oppteken av resultat og kvalitet
  • Fordel med førarkort

Me tilbyr:

  • Ei viktig rolle i eit framtidsretta miljø prega av kreativitet og fleksibilitet
  • Konkurransedyktig løn og pensjon, forsikring og personalordningar
  • Fast stilling i 100 %

Om du ikkje fyller alle krav, ønskjer me likevel å ta imot ein søknad om du er interessert.

Me har kontor i Årdal, Sogndal og Høyanger. Våre journalistar har moglegheit til å vere til stades på alle kontora.

Kontaktinformasjon:
Ansvarleg redaktør, Ola Weel Skram, tlf. +47 415 77 725, e-post: [email protected]
Dagleg leiar, Kristine Haglund, tlf. +47 948 61 766, e-post: [email protected]
Klubbleiar, Kyrre Fitje, tlf. 94 888 477, e-post: [email protected]

Send CV og søknad snarast til [email protected].
Legg ved attestar og vitnemål, gjerne også døme på saker og reportasjar. Søknader blir behandla fortløpande.

Tilsetjing: Snarast mogleg

GODT LAG: Saman med kjekke kollegaer får du moglegheit til å dekke fleire spennande fagfelt langs verdas lengde fjord.
GODT LAG: Saman med kjekke kollegaer får du moglegheit til å dekke fleire spennande fagfelt langs verdas lengde fjord.
Powered by Labrador CMS