LEDIG STILLING:

Vestland fylkeskommune søkjer rådgjevar ROS
Vil du ta fatt på spennande og samfunnsnyttige oppdrag innan sikkerheit?
Brenn du for sikkerheit og digitalisering? Er du ein pådrivar for at sikkerheit er integrert med utvikling av digitale tenester? Vil du vere med å vidareutvikle korleis vi jobbar med riskobasert utvikling? Vi søker deg som har erfaring og kompetanse frå arbeid med sikkerheit, risikovurdering og bygging av sikkerheitskultur.
Saman med dei som har fagkunnskap innan IKT sikkerheit, beredskap og personvern, vil du få jobbe sektorovergripande, i tillegge til å jobbe inn mot seksjonane IKT og digitalisering. Som rådgjevar/seniorrådgjevar innan risiko- og sårbarheitsvurdering vil du få varierte og utfordrande oppgåver, ansvar på ein spanande arbeidsplass og vere med å bygge opp eit nytt sikkerheitsteam i Vestland fylkeskommune. Vi legg stor vekt på samhandling og samarbeid på tvers i organisasjonen.
Stillinga er fast, er i seksjon sikkerheit og støttetenester, i avdeling for IKT og digitalisering. Seksjonen har ansvar for å legge til rette for kommunikasjon og samhandling internt og eksternt, HR, økonomi, beredskap, personvern, prosjektleiing, IKT sikkerheit og dokumentasjonsforvaltning.
Arbeidsoppgåver
- Gjennomføre og følgje opp tekniske ROS-vurderingar
- Utarbeide og følge opp arbeidet med verdivurderingar i avdelingane
- Rettleie avdelingar i deira arbeid med ROS-analysar og modenheitsanalyser
- Vidareutvikle og etablere rutinar for IKT sikkerheit og internkontroll
- Oppfølging av den overordna internkontrollen i fylkeskommunen, for å sikre at lover og forskrifter vert følgt
- Delta i utvikling av nye løysingar og kontinuerleg forbetring av eksisterande løysingar
- Fleire oppgåver innan fagområdet kan bli lagt til stillinga ved behov
Kvalifikasjonar
Den som vert tilsett må ha:
- Relevant høgare utdanning på minimum bachelornivå innan informasjonssikkerheit, IT, sikkerheit/samfunnssikkerheit og/eller administrative fag. Anna dokumentert relevant realkompetanse kan erstatte utdanningskravet.
- God kjennskap til informasjonssikring
Det er ein fordel med:
- Relevant erfaring frå stillinga sine arbeidsoppgåver
- Fagleg oppdatert på trusselbilete og trendar innan IT sikkerheit
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Kjennskap til sikkerheitslova
- Kjennskap til personvernforordninga
- Kunnskap om og/eller erfaring frå offentleg forvaltning
Personlege eigenskapar
- Evne til å arbeide sjølvstendig, målretta, planmessig og strukturert
- Evne til å behalde ro og oversikt i periodar med stor aktivitet
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner og oppteken av å dele kunnskap med andre
- Løysings- og resultatorientert
- Analytisk og strategisk tilnærming til problemløysing
Kvifor skal du velge oss?
Hos oss får du faglege utfordringar og personleg utvikling i eit sterkt tverrfagleg miljø. Vi har rammer som sikrar deg ein fornuftig balanse mellom jobb og fritid: du får fleksitid, betalt overtid og sommartid.
Vi er IA-bedrift med gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Vi veit at mange ønsker seg ein fleksibel arbeidskvardag med moglegheiter for å veksle mellom å jobbe heimanfrå og møtast på kontoret. Det vil vi sjølvsagt legge til rette for.
Her kan du bli betre kjent med oss: Jobb og karriere i Vestland fylkeskommune
Har du spørsmål eller berre lyst å høyre meir om jobben? Ikkje nøl med å ringe, vi fortel gjerne.
Verdt å merke seg
Løns- og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande avtalar i Vestland fylkeskommune.
Stillingsnemning vert ingeniør/rådgjevar/seniorrådgjevar eller spesialkonsulent fastsett på grunnlag av kvalifikasjonar og erfaring.
Administrasjonsmålet til fylkeskommunen er nynorsk. Arbeidsplass på Leikanger i friluftseldoradoet Sogn.
Litt reiseaktivitet må påreknast, men det daglege samarbeidet vil vere i digitale møterom.
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at i fylgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkarliste vil du alltid bli varsla før søkarlista vert offentleggjort.
Arbeidsstad: Leikanger
Kontaktinformasjon: Anne-Kjersti Stavø Stenehjem, seksjonssjef, tlf 95725658
Søknadsfrist: 24.09.2023