LEDIG STILLING:

Vestland fylkeskommune søkjer leiar tenesteleveranse
Vil du bli leiar for IKT-tenestene til brukarane våre?
Brenn du for medarbeidarutvikling og samarbeid? Set du sluttbrukaren i sentrum, og har eit sterkt ønskje om å tilby dei stabile og trygge jobbverktøy? Ja, då kan det vere deg vi søker etter!
Som leiar for fageininga Tenesteleveranse får du ei sentral rolle i seksjonen og rapporterar til seksjonsleiar for IKT. Tenesteleveranse er ei av 4 fageiningar i seksjonen. Du vil leie den største fageininga i seksjonen, og få personalansvar for tre regionsleiarar. Regionsleiarane har personalansvar for over 40 IKT-konsulentar som tilbyr lokal IKT-støtte til skular og tannklinikkar. Fageininga har også ansvar for AV-løysingane våre og drift av klientar og mobiltelefonar.
Stillinga er perfekt for deg som tenkjer utvikling og stabilitet i skjønn foreining. Dersom du også kan byggje gode relasjonar til dei ulike brukarmiljøa våre, og samtidig utvikle og ta vare på medarbeidarane våre, vil du verkeleg kunne blomstre i denne stillinga.
Arbeidsoppgåver
Vi vil ha ein stødig og motivert leiar med auge for fotbetring som skal bidra inn mot satsingsområda til avdelinga; sterk sikkerheitskultur, effektiv tenesteleverandør og medarbeidarskap.
- Du skal sørge for ein sikker, stabil og brukarvennleg flåtestyring av PC-ar, nettbrett og mobilar
- Bidra aktivt til god samhandling internt i seksjonen, fylkeskommunen og ut mot leverandørar
- Jobbe fram gode innkjøpsavtalar innanfor AV og klientløysingar, med støtte frå innkjøpsseksjonen
- Ansvar for problem-prosessen i ITIL rammeverket
- Personal og budsjettansvar
- Reising ut til lokasjonane må påreknast
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning på minimum bachelornivå frå universitet eller høgskule innan IKT eller tilsvarande. Krav til utdanning og utdanningsretning kan fråvikast for søkarar som har god og relevant praksis
- Dokumentert leiarerfaring
- Erfaring frå fagområda som ligg til fageininga
- Kompetanse og/eller erfaring innanfor prosjektleiing og styring av prosessar
- Kompetanse og erfaring innanfor IKT-området
Personlege eigenskapar
- Proaktiv, løysingsorientert og oppteken av å få jobben gjort til rett tid
- Gode kommunikasjonsevner, forståing av samhandlingsprosessar og ønske om å understøtte ein delingskultur
- God forståing for samanhengen mellom digital teknologi og organisasjon
- God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne
Vi tilbyr
- Fagleg dyktige kollegaer med stort engasjement
- Varierte arbeidsdagar med ulike oppgåver og utfordringar
- Kontorplass Bergen sentrum eller Leikanger
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande avtalar i Vestland fylkeskommune
- Gode forsikrings- og pensjonsvilkår
- Fleksibel arbeidstid
- Fagleg utvikling
Kontaktinformasjon: John Arne Lillestøl, seksjonssjef tlf. 93024959
Søknadsfrist: 24.09.2023
Arbeidsstad: Bergen/Leikanger