LEDIG STILLING:

Vestland fylkeskommune søkjer IKT sikkerheitsrådgjevar

Vil du jobbe med spennande og samfunnsnyttige oppdrag innan IKT sikkerheit?

Om arbeidsgivar:

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

Brenn du for sikkerheit og digitalisering? Er du ein pådrivar for at sikkerheit er integrert med utvikling av digitale tenester? Vil du vere med å vidareutvikle korleis vi jobbar med riskobasert utvikling? Vi søker deg som har erfaring og kompetanse frå arbeid med sikkerheit, risikovurdering og bygging av sikkerheitskultur.

CISO/IKT sikkerheitsrådgjevar jobbar sektorovergripande saman med rådgjevar for beredskap, personvernrådgjevar og personvernombod, og inn mot seksjonane IKT og digitalisering. Som CISO/IKT sikkerheitsrådgjevar vil du få varierte og utfordrande oppgåver, ansvar på ein spanande arbeidsplass og vere med å bygge opp eit nytt sikkerheitsteam i Vestland fylkeskommune.

Stillinga er fast, og er i seksjon sikkerheit og støttetenester, i avdeling for IKT og digitalisering. Seksjonen har ansvar for å legge til rette for kommunikasjon og samhandling internt og eksternt, HR, økonomi, beredskap, personvern og IKT sikkerheit.

Arbeidsoppgåver

  • Rådgjevar i IKT-sikkerheitsspørsmål i linje og prosjekt
  • Gjennomføre og følgje opp tekniske ROS-vurderingar, og etterkvart setje krav til iverksetting av verdivurdering og ROS-analyser
  • Planlegge og gjennomføre aktivitetar knytt til informasjonssikkerheitsområdet. Bygge sikkerheitskultur og bidra til at sikkerheit vert ein integrert del av utviklingsarbeidet og grunndesignet for applikasjonane våre
  • Fortløpande vurdere potensielle sårbarheiter og rapportere til leiinga
  • Bidra i handtering av uønska hendingar og fasilitere IT-beredskapsøvingar
  • Delta i utvikling av nye løysingar og kontinuerleg forbetring av eksisterande løysingar
  • Forvalte og vidareutvikle styringssystemet for informasjonssikkerheit, herunder prosessar og styrande dokumentasjon
  • Sørge for gjennomføring av revisjonar og tekniske sikkerheitstestar
  • Vere med å bygge opp eit nytt sikkerheitsteam i Vestland fylkeskommune
  • Fleire oppgåver i den strategiske satsinga vår innan informasjonssikkerheit vil bli lagt til stillinga etterkvart

Kvalifikasjonar

Må krav:

  • Relevant høgare utdanning innan IT- og informasjonssikkerheit, IKT, samfunnssikkerheitog/eller tilsvarande, fortrinnsvis på masternivå. Anna dokumentert relevant realkompetanse kan erstatte utdanningskravet.
  • Arbeidserfaring innan IKT sikkerheit
  • God kjennskap til informasjonssikring og personvern

Ønska kvalifikasjonar:

  • Kjennskap til CISSP, ISO 27001, CISA eller tilsvarande
  • Kjennskap til TOGAF og ITIL
  • Vere fagleg oppdatert på trusselbilete og trendar innan IT-sikkerheit

Personlege eigenskapar

  • Du trivast med samarbeid på tvers av fagområde, etablerer gode relasjonar og tillit i ulike fagmiljø ogpå ulike nivå i organisasjonen
  • Held deg fagleg oppdatert og deler av eigen kompetanse for å bidra til utvikling av fagmiljøet
  • Har evne til å motivere og inspirere medarbeidarar for å kunne bygge eit samhandlande miljø rundt deg
  • Jobbar sjølvstendig
  • Løysings- og resultatorientert
  • Strukturert og analytisk med stor gjennomføringsevne
  • God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne. Du trivast med å kommunisere jamleg med ulikenivå i organisasjonen, og er flink til å synleggjere arbeidet ditt.

Vi tilbyr

  • Stillingsnemning spesialkonsulent/rådgjevar/seniorrådgjevar etter kvalifikasjonar og erfaring
  • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande avtalar i Vestland fylkeskommune
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Fleksibel arbeidstid
  • Faglege utfordringar og stimulerande arbeidsmiljø

Andre opplysningar:

Arbeidsstad Leikanger eller Bergen. Ved særskilt behov kan kontorstad ved ein av våre andre lokasjonar avtalast.

Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.

Litt reiseaktivitet må påreknast, men det daglege samarbeidet vil vere i digitale møterom.

Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.

Vi gjer merksam på at i fylgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkarliste. Dersom du har bedt om unntak fråoffentleg søkarliste vil du alltid bli varsla før søkarlista vert offentleggjort.

Kontaktinformasjon: Anne-Kjersti Stavø Stenehjem, seksjonssjef, tlf.: 957 25 658

Søknadsfrist: 27.11.2022

SØK HER

Informasjon om stillinga:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune Stad: Leikanger, Bergen

Stillingstittel: IKT sikkerheitsrådgjevar Stillingar: 1

Heiltid/Deltid: Heiltid

Tilsetjingsform: Fast

Stillingsprosent: 100



Powered by Labrador CMS