LEDIG STILLING:

Vestland fylkeskommune søkjer byggeleiar-bruvedlikehald

Til Vedlikehald Nord søkjer vi no ein byggeleiar til bruvedlikehald med arbeidsstad Leikanger.

Vestland fylkeskommune:

Vestland fylkeskommune:

Vestland fylkeskommune skal sikre og utvikle gode og vekstkraftige lokalsamfunn og sterke by- og senterområde. Dei regionale tenestene til innbyggarane, organisasjonar og næringslivet skal vidareutviklast med høg kvalitet. Fylkeskommunen skal sikra ein framtidsretta infrastruktur, med mål om betra samband internt i regionen og gode kommunikasjonar mot resten av landet, og ut i Europa. Den nye fylkeskommunen skal bidra til å bygge ein sterk felles kultur og identitet i fylket, samtidig sominnbyggarane si tilknyting til lokalsamfunna vert tatt vare på.

På avdelinga for infrastruktur og veg (INV) tek vi vare på fylkeskommunen sine forvaltningsoppgåver som vegeigar. Fylkesvegane knyter fylket saman og skal fungere som ei trygg og føreseieleg ferdselsåre. Visjonen vår er å tilby eit effektivt, tilgjengeleg, sikkert og miljøvennleg vegsystem som dekker samfunnet sitt behov for transport og fremmer regional utvikling.

Seksjonen Vedlikehald, drift og beredskap (VDB) har ansvar for å drifte og vedlikehalde fylkesvegane, og å planleggje og følgje opp entreprenørar og økonomi innan tildelte midlar. Seksjonen har eit beredskapsansvar der vi vurderer og set i gang tiltak som å stenge vegar, eller rydde opp og opne vegar som er stengde grunna uvær, skred eller flaum. Vi følgjer opp arbeidet til entreprenørar på drift og elektro. På vedlikehald er oppgåvene mellom anna tinging og oppfølging av dekkelegging, vedlikehald og oppmerking. Vårt mål er å syte for best mogeleg og trygg framkomst på fylkesvegane.

ArbeidsoppgåverHos oss vil du arbeide i ei fagleg utfordrande og spennande stilling i eit tverrfagleg miljø, der du få vere med å sette retning for eininga. Vi kan love deg varierte arbeidskvardagar, meiningsfulle arbeidsoppgåver og fagleg utvikling i eit sterkt og inkluderande fagmiljø. Vi er opptekne av å ha kollegaer som trivst på jobb saman med oss i eit uformelt arbeidsmiljø. Slik får vi det beste ut av kvarandre og skaper engasjement. Stillinga krev reising langs heile fylkesvegnettet i sørleg del av Vestland fylke.

Kvalifikasjonar

  • Gjennomføre inspeksjonar
  • vurdere tilstand og restlevetid til byggverk
  • Styre prosjektering og utarbeide konkurransegrunnlag for eigne prosjekt
  • Lyse ut konkurranse og kontrahere
  • Følgje opp og rapportere på økonomi, kvalitet, framdrift og HMS på prosjektet
  • Koordinere arbeidet med andre faggrupper og etatar
  • Ha kontakt med andre myndigheite, interessegrupper og media
  • Vera SHA-koordinator og YM- koordinator med mindre anna er bestemt av prosjektleiar
  • Vera ansvarleg for informasjonsoverføring mellom dei ulike fasane i prosjektet, inkludert SHA og YM

Personlege eigenskapar

  • Relevant teknisk utdanning frå universitet eller høgskule, min. 3 år
  • Dersom du har sterk og allsidig praksis eller etterutdanning og gode personlege føresetnader for stillinga, kan vi sjå bort frå utdanningskravet
  • Du må ha førarkort klasse B

Vi er ute etter medarbeidarar som har gode kunnskapar i bruk av IKT-verktøy, er fleksibel, sjølvstendig, har gode samarbeidsevner, er løysingsorientert og som har god gjennomføringsevne.

Vil du vite meir om stillinga er du velkomen til å ta kontakt med: Jorunn Hillestad Sekse, leiar vedlikehald Nord- mobil 97425209.

Anna informasjon

Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.

Alle nytilsetjingar i fylkeskommunen blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.

Stillingstittel vil bli tilpassa til utdanningsnivå.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verte offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å stå på offentleg søkjarliste (offentleglova § 25, 2. ledd). Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vert du alltid varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadsfrist: 19.01.2022

SØK HER

Kontaktperson for stillinga:
Jorunn Hillestad Sekseleiar - Vedlikehald Nord 97425209 [email protected]

Powered by Labrador CMS