LEDIG STILLING:

TruckNor Sogn og Fjordane AS – Årdalstangen søkjer Mekanikar for tunge køyretøy og arbeidsmaskiner

Om arbeidsgivar:

Om arbeidsgivar:

Trucknor Sogn og Fjordane AS er autorisert Volvo lastebil – og bussforhandler for Sogn og Fjordane. Firmaet har 52 tilsette og omsetning i 2020 var vel 180 mill. kroner. Selskapet er lokalisert på Sandane, Stryn, Kaupanger og Årdalstangen.

Dotterselskapet Trucknor Førde AS i Førde har 12 tilsette og omsetning i 2020 på vel 30 mill. kroner. I tillegg til Volvo er vi her serviceverkstad for Renault og MAN. Volvo lastebilar hadde ein marknadsandel i Sogn og Fjordane på omlag 50 % i 2020 for bilar over 16 tonn.

Trucknor Sogn og Fjordane AS og Trucknor Førde AS er ein del av Trucknor AS som er eigd av Strømberg Gruppen AS der omsetning i 2020 var på om lag 2,3 milliardar kroner.

Vi ønskjer søkjarar med:

  • Interesse for faget, positiv og ansvarleg haldning
  • God kompetanse innan elektro og moderne feilsøkingsmetodar
  • Vilje til stor innsats med kunden i fokus
  • Kunne arbeide sjølvstendig og ha gode samarbeidsevner
  • Relevant fagbrev, førarkort og arbeidspraksis
  • Må kunne norsk skriftleg og muntleg

Vi tilbyr:

  • Spennande arbeidsplass med godt fagmiljø
  • Moderne utstyr og anerkjende produkt
  • Fagleg utvikling ved kurs og intern opplæring
  • Gode vilkår med løn, forsikring og pensjon

Ta gjerne kontakt for nærmare informasjon:
Steinar Hellebø telf 906 03 677.

Søknad med CV sender de til:
Arvid Gimmestad på epost: [email protected] innan 30.06.2021

Powered by Labrador CMS