LEDIG STILLING:

Transferd AS søkjer sjåførar

Om arbeidsgivar:

Om arbeidsgivar:

Transferd AS er eit transport- og logistikkselskap som tilbyr tenester innan eit vidt spekter av transportområde. Vi utfører transporttenester både lokalt, regionalt og nasjonalt. Selskapet hadde i år 2020 ein omsetnad på kr 180,9 mill. Selskapet har 125 tilsette. Transferd er medeigar i SRB Anleggstransport AS, Airlift Solutions AS, SumTrans AS og Vest Dyretransport AS. Vi er lokalisert i Førde, Kaupanger og Stryn. Transferd er ein del av Firda Billag gruppa. Hovudkontoret ligg i Førde.

SJÅFØRAR KAUPANGER/VIK

  • Asko-køyring (Kaupanger, turnus førarkort CE)
  • Tine-tankbil (Vik, turnus førarkort CE)
  • Sommarvikarar distribusjon (Kaupanger, førarkort C)

Vi søkjer etter fleire dyktige sjåførar for Asko-køyring og Tine-tankbil, samt sommarvikarar distribusjon. For Tine-tankbil i Vik kan vi tilby gratis hybel.


Vi ynskjer at du:

  • Er ansvarsbevisst og serviceinnstilt
  • Har gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
  • Har førarkort klasse C/CE
  • Har godt humør og eit ynskje om å ta del i eit aktivt miljø
  • Trivast i rolla som bedrifta sitt ansikt utad


Vi kan tilby:

  • Eit godt arbeidsmiljø
  • Ordna arbeids- og lønsforhold
  • Pensjons-, ulykkes- og gruppelivsforsikring
  • Bedriftshelseteneste

Ta kontakt med avdelingsleiar Bent Berglie tlf. 917 14 747 dersom du har spørsmål.

Søknad med CV og kopi av førarkort og andre bevis sendast snarast til [email protected]

Powered by Labrador CMS