LEDIG STILLING:

Tecno VVS søkjer prosjektleiar til Lærdal/Aurland
TECNO VVS AS SØKJER PROSJEKTLEIAR
Som prosjektleiar vil du verta ein del av vårt fagmiljø og drive fram eigne prosjekt. Du vil vere ansvarleg for å sikre gjennomføring og levering av prosjekt ihht til tids-, kostnads- og kvalitetskrav. Som bindeleddet mellom rådgievande, prosjekterand, entreprenør og byggherre må du sikre god kommunikasjon, og bidra med din kompetanse inn i eit teknisk fleirfagleg miljø. Stillinga krev at du held deg oppdatert på kontrakt, gjeldande standardar og lovverk.
Personlege eigenskapar og kvalifikasjonar
Me i TECNO VVS ser etter deg med sterke mellommenneskelege ferdigheiter som skapar gode relasjonar, både internt og eksternt. Du er løysingsorientert, strukturert og planmessig, som fører til gode resultat for oss og våre samarbeidspartnarar. Som leiar er du komfortabel i din rolle og ser dine medarbeidere.
Teknisk-, økonomisk og framdriftsmessig planlegging og oppfylging av prosjekt
Oppfylging av underleverandørar og leverandørar i prosjekt.
Syte for budsjett, krontraktskrav og krav frå offentlege myndigheiter vert overhalde
Ivareta HMS og kvalitetssikring på prosjektetKunde og kontraktsstyring inkl. styring av intern ressursbruk
Ansvar for at prosjekt vert utført ihht kontrakt ved å overvåke arbeid som vert utført på prosjekt og gjennom å leie eigne team og deira aktivitet
Marknadsføre og selje verksemda sine produkt
Anbodsrekning og tilbodsgjeving
Innkjøp
Ha leiingsansvar for personal ifm prosjektgjennomføringa
Utførelse ihht prosjekteringsgrunnlag
Som prosjektleiar er det ynskjeleg at du har:
Teknisk fagskule eller ingeniør utdanning innan VVS-faget, relevant erfaring kan kompensere.
Erfaring frå prosjektleiing/arbeidsleiing
Beherska norsk munnleg og skriftleg.
Gode kommunikasjonsevner
Evne til å arbeida sjølvstendig, men samtidig samarbeide med dine medarbeidarar internt og eksternt oppimot andre fag
Gode datakunnskaper
Strukturert og løysingsorientert
Me kan tilby:
Eit svært bra arbeidsmiljø og fellesaktivitetar.
Gode pensjons-, lønns- og forskringsordningar.
Nødvendig fagleg opplæring/oppfylging.
Variert arbeid
Utfordrande og utviklande arbeidsoppgåver
Søknadsfrist: 30. november 2023
Send søknad og CV til personalansvarleg: Elisabeth Prestegård - elisabeth.prestegard@tecno.no // Tlf. 92 41 84 74 eller ta kontakt ved spørsmål.