LEDIG STILLING:

Sygnir søkjer prosjektleiar regionalnett

Straumnettet er grunnlaget for elektrifiseringa – bli med!

Om arbeidsgivar:

Sygnir AS er eit nettselskap og ein del av Sognekraft-konsernet. Sygnir AS eig, driftar og forvaltar selskapet sitt regional- og distribusjonsnett på 3000 km og eit omfattande fibernett innanfor konsesjonsområdet avgrensa av kommunane Vik, Sogndal, Lærdal og Aurland. Selskapet har om lag 80 tilsette.

Vi har for tida høg aktivitet med nettutviklingsprosjekt på regional- og distribusjonsnettnivå, som er grunnlaget for framtidig smart infrastruktur i Sogn. Vi søkjer engasjert og dyktig elkraftingeniør som skal leie nettutviklingsprosjekt for spenningar frå 22 kV opp til 132 kV innanfor anleggstypane stasjonsanlegg og kraftliner.

Som ein av 13 prosjektleiarar i seksjon Nettutvikling, vil du vere med i eit dynamisk team og utvikle smart nettinfrastruktur som digitaliserer og elektrifiserer Noreg.

Arbeidsoppgåver

  • Bidra til gjennomføring av Sygnirs nettutviklingsprosjekt for å leggje til rette for utvikling, elektrifisering og meir fornybar kraft i regionen.
  • Ansvar for og leiing av prosjekt i regional -og distribusjonsnett, med hovudfokus på regionalnett, frå oppstart til ferdig leveranse. Arbeidsoppgåver vil vere planlegging, gjennomføring av konsesjonsprosessar, prosjektering, utarbeiding av tekniske spesifikasjonar og gjennomføring av anskaffingar, prosjektstyring og HMS-ansvar.
  • Bidra til å bevare godt forhold til partnarar og kundar samt evne til å utvide eksisterande nettverk.

Ønska kvalifikasjonar

  • Sivilingeniør eller ingeniør innan elkraft eller energi og miljø
  • Prosjekterings- eller prosjektleiarerfaring frå nettutviklingsprosjekt er ein fordel, men nyutdanna vil òg vere aktuelle kandidatar og oppfordrast til å søkje.
  • Gode kommunikasjonsevner munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Stor interesse for elkraftfaget samt fleirfagleg prosjektarbeid
  • Trivast med å jobbe både sjølvstendig og i team
  • Samhandlar godt med andre og har gode kommunikasjonsevner både munnleg og skriftleg
  • Er ansvarsfull, engasjert og proaktiv samt har høg gjennomføringsevne
  • Jobbar strukturert og målretta
  • Løysningsorientert og motivert for ein travel kvardag

Kontorstad fortrinnsvis i Sogndal, men Lærdal, Aurland eller Vik kan vurderast.

For meir informasjon ta kontakt med seksjonsleiar nettutvikling Helge Morten Vangen tlf. 951 72 599 eller avdelingsleiar regionalnett Elisabeth Stokkenes tlf. 482 17 620.

Vi ynskjer betre kjønnsbalanse i konsernet og oppfordrar generelt kvinner til å søkje.

Send søknad og CV til jobb@sygnir.no så snart som råd eller innan frist.

Søknadsfrist: 2. januar 2023

Sjå meir her


Powered by Labrador CMS