LEDIG STILLING:

Straumnettet er grunnlaget for elektrifiseringa – bli med!
Sygnir søkjer prosjektleiar nettutvikling
Vi har for tida høg aktivitet med nettutviklingsprosjekt på regional- og distribusjonsnettnivå, som er grunnlaget for framtidig smart infrastruktur i Sogn. Vi søkjer ingeniør elkraft som skal leie nettutviklingsprosjekt innanfor anleggstypane kabelanlegg, kraftliner og nettstasjonar. Som ein av 12 prosjektleiarar i seksjon Nettutvikling, vil du vere med i eit dynamisk team og utvikle smart nettinfrastruktur som digitaliserer og elektrifiserer Norge.
Arbeidsoppgåver
Ansvar for prosjekt i distribusjonsnett frå start til ferdig leveranse. Planlegging, prosjektleiing og prosjektstyring av nettprosjekt.
HMS-ansvar og oppfølging av lovpålagte kompetansekrav.
Skape godt forhold mellom partnarar/kundar og Sygnir.
Ønska kvalifikasjonar
Elkraftingeniør med minimum bachelor elkraft eller fagskoleingeniør elkraft med fagbrev
Nyutdanna vil vere aktuelle kandidatar, men gjerne med nokre års prosjektleiarerfaring frå nettutviklingsprosjekt i distribusjonsnett
Gode kommunikasjonsevner munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
Er open for ny teknologi og ønskjer å vere med å utvikle Sygnir og trygg til å vere med å utvikle dataverktøy for å auke intern effektivitet.
Likar travel kvardag med ansvar og krav til samarbeid.
Sygnir AS er eit nettselskap og ein del av Sognekraftkonsernet. Sygnir AS eig, driftar og forvaltar selskapet sitt regional -og distribusjonsnett på 2800 km og eit omfattande fibernett innanfor konsesjonsområdet avgrensa av kommunane Vik, Sogndal, Lærdal og Aurland. Selskapet har om lag 80 tilsette.
Stad: Kontorstad fortrinnsvis i Sogndal, men Lærdal, Aurland eller Vik kan vurderast.
For meir informasjon ta kontakt med avdelingsleiar Vidar Øvretun tlf. 917 08 418
Vi ynskjer betre kjønnsbalanse i konsernet og oppfordrar generelt kvinner til å søkje.
Korleis søkje: Send søknad og CV til jobb@sygnir.no så snart som råd eller innan frist.
Søknadsfrist: 15. august 2022.