LEDIG STILLING:

Sygnir søkjer overmontør
Før vår overmontør/leiar på montørbasen Vik og Balestrand blir pensjonist, ønskjer vi å rekruttere ny overmontør/leiar for overlapping. Leiar har ansvar for montørane i Vik og Balestrand og er ein del av montasjegruppa i Sygnir. Vik og Balestrand har felles overmontør, ti energimontørar og tre lærlingar.
Stillinga er i seksjon for nettmontasje som omfattar montørbasane Sogndal, Vik og Balestrand, Aurland og Lærdal. Du vil samarbeide med leiar for nettmontasje, prosjektingeniørane og dei andre montørbasane for drift og bygging av nye linjer og nettanlegg.
Arbeidsoppgåver
- Drifts- og budsjettansvar for montørbasen
- Planleggje prosjekt- og driftsoppgåver
- Personalansvar for montørane og lærlingar
- Fordele arbeidsoppgåver mellom montørlaga
- Rettleie og vere førebilete for lærlingane
- Kan bli pålagt å delta i vaktordninga
Din erfaring
- Fagbrev energimontør og gjerne teknisk fagskule
- Brei erfaring frå relevant arbeid
- God IT kompetanse og nyttar digitale verktøy aktivt
- Førarkort kl. B, gjerne kl C
- God kommunikasjonsevne på norsk, både munnleg og skriftleg
Om deg
- Gode leiar-, kommunikasjons -og samarbeidsevner
- Du utfører arbeidet med fagleg dyktigheit og er ein problemløysar
- Er sjølvstendig, tek ansvar og samarbeider for gode løysingar
- Tek HMS på alvor og skapar ein trygg og sikker arbeidskvardag
Som overmontør i Sygnir vil du få engasjerte og kjekke kollegar, og faglege utfordringar i eit framtidsretta selskap med viktige og interessante oppgåver.
Oppmøte og kontor på montørbasen i Vik.
Me ønskjer betre kjønnsbalanse i konsernet og oppfordrar generelt kvinner til å søkje. Send gjerne søknad med ein gong. Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn fortløpande til intervju så snart vi har motteke søknaden.
Søknadsfrist: 06.02.2022