LEDIG STILLING:

Sygnir søkjer konserndirektør nett

Straumnettet er grunnlaget for elektrifiseringa, bli med!

Om arbeidsgivar:

Sygnir AS er eit nettselskap og ein del av Sognekraft-konsernet. Sygnir AS eig, driftar og forvaltar selskapet sitt regional- og distribusjonsnett på 3000 km og eit omfattande fibernett innanfor konsesjonsområdet avgrensa av kommunane Vik, Sogndal, Lærdal og Aurland. Selskapet har om lag 80 tilsette.

Sygnir søkjer ein relasjonssterk og kommunikativ konserndirektør nett, til å vere med å vidareutvikle og effektivisere straumforsyninga i Sogn. Konserndirektør nett har rolla som dagleg leiar og rapporterer til styret i Sygnir i tillegg til konsernsjef. Dette er ein eineståande sjanse til å vera med å utvikle samfunnskritisk infrastruktur for fornybar energi og industriell vekst i Sogn.

Sentrale arbeidsoppgåver for vår konserndirektør nett vil vere:

  • Byggje ut og sikre kostnadseffektiv drift av framtidsretta straumnett
  • Drivkraft for å modernisere drift og styring
  • Kommunikasjon og dialog med samarbeidspartnarar
  • Ta del i å utvikla konsernet

Vi ser etter deg med ein motiverande leiarstil som inkluderer og ser potensiale i medarbeidarane. Du har forståing for kombinasjonen mellom strategi, økonomi og teknologi. Du har god struktur i arbeidet ditt, og er oppteken av tryggleik. Det er ein fordel om du har erfaring med elkraft og drift av nettselskap.

Ønskjer du meir informasjon?
Ta kontakt med konsernsjef Terje Bakke Nævdal tlf. 911 81 056, eller visekonsernsjef Berit Larsen tlf. 950 48 091. All kontakt er konfidensiell.

Søknadsfrist: 6. januar
SØK HER

Powered by Labrador CMS