LEDIG STILLING:

Sygnir søkjer fibermontør
Bli fibermontør og jobb med samfunnskritisk infrastruktur!
Sygnir søkjer dyktig fibermontør til drift og utbygging av fibernettet vårt. Fibernettet er saman med straumnettet ein svært viktig infrastruktur i samfunnet og arbeid er variert med større og mindre prosjekt. Vi har stor aktivitet og søkjer fibermontør til montørbasen i Sogndal.
Arbeidsoppgåver
- Byggje ut fibernettverk
- Skøyting og terminering av fiberkablar
- Innmåling og dokumentasjon
- Kundeoppkoplingar
Utdanning og kompetanse
- Gjerne fagbrev energimontør/elektrikar/dataelektronikar/telekommunikasjon
- Erfaring med fiberarbeid er ein fordel
- Førarkort kl. B
Du likar å arbeide sjølvstendig, men har gode samarbeidsevner. Dei digitale verktøya lærer du deg og nyttar aktivt. Du beherskar norsk godt, både muntleg og skriftleg. Du tek HMS på alvor og tek aldri snarvegar. Du er med og skapar ein trygg og sikker arbeidskvardag. Arbeidet utfører du med fagleg dyktigheit, og er ein problemløysar.
Som fibermontør i Sygnir vil du få engasjerte og kjekke kollegaer, samt faglege utfordringar i eit framtidsretta selskap med viktige og interessante oppgåver.
Oppmøtestad i Sogndal.
Både nyutdanna og erfarne vert oppfordra til å søkje. Vi ønskjer særleg kvinnelege søkjarar.
Send søknad og CV.
Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn fortløpande til intervju så snart vi har motteke søknaden.
Spørsmål om stillinga kan rettast til: Erling Sperle, Overmontør, tlf. 051 30 979.
Søknadsfrist: 20.11.2022