LEDIG STILLING:

Sygnir søkjer energimontør

Straumnettet er grunnlaget for elektrifiseringa – bli med du og!

Om arbeidsgivar:

Om arbeidsgivar:

Sygnir AS er eit nettselskap og ein del av Sognekraft-konsernet. Sygnir AS eig, driftar og forvaltar selskapet sitt regional -og distribusjonsnett på 3000 km og eit omfattande fibernett innanfor konsesjonsområdet avgrensa av kommunane Vik, Sogndal, Lærdal og Aurland. Selskapet har om lag 80 tilsette.

Våre energimontørar skal aktivt jobbe med trygg og effektiv drift av samfunnskritisk infrastruktur. Arbeidet er svært variert. Vi har stor aktivitet og søkjer energimontør til montørbasen i Sogndal.

Som energimontør i Sygnir vil du få engasjerte og kjekke kollegaer, samt faglege utfordringar i eit framtidsretta selskap med viktige og interessante oppgåver.

“Vi ynskjer betre kjønnsbalanse i konsernet og oppfordrar generelt kvinner til å søkje.”

– Konsernsjef Terje Bakke Nævdal

Arbeidsoppgåver

  • Byggje, montere og dokumentere kabelanlegg, nettstasjonar, transformatorstasjonar og linjer i små og store prosjekt.

  • Drift og vedlikehald av eksisterande nettanlegg

  • Rettleie og vere eit førebilete for lærlingane

Ønska kvalifikasjonar

  • Fagbrev energimontør

  • Førarkort kl. B

  • Gjerne førarkort kl. C

Personlege eigenskapar

  • Du tek HMS på alvor og tek aldri snarvegar. Du er med og skapar ein trygg og sikker arbeidskvardag.

  • Arbeidet utfører du med fagleg dyktigheit og er ein problemløysar.

  • Du likar å arbeide sjølvstendig, men har gode samarbeidsevner. Dei digitale verktøya lærer du deg og nyttar aktivt.

Stad

Oppmøtestad i Sogndal

For meir informasjon ta kontakt med overmontør Erling Sperle tlf. 951 30 979

Vi ynskjer betre kjønnsbalanse i konsernet og oppfordrar generelt kvinner til å søkje.

Korleis søkje

Send søknad og CV til [email protected] så snart som råd eller innan frist.

Søknadsfrist

3. oktober 2022

SJÅ HER

Powered by Labrador CMS