LEDIG STILLING:

Statkraft søkjer fagarbeidar/ teknikar IKT
Statkraft region Midt-Norge har ansvar for drift og vedlikehald av vann- og vindkraftanlegg i Sogn, Møre og Romsdal og i Trøndelag. Anlegga blir drifta av fire kraftverksgrupper i samarbeid med regionskontoret i Gaupne.
Kraftverksgruppe Sogn har ansvar for drift og vedlikehald av 8 kraftverk som produserer til saman 3,4 TWh, og har i dag 34 tilsette. Kraftverksgruppa består av 3 vedlikehaldsgrupper med oppmøtestader i Gaupne, Vik og i Høyanger.
Vi søkjer ein ansvarsfull og fagleg dyktig person som jobbar godt saman med andre, og som er fleksibel i forhold til arbeidsoppgåver og reising. Arbeidsområdet er heile kraftverksgruppa, medan oppmøtestad blir ein av dei tre lokasjonane i kraftverksgruppa.
Hovudoppgåver vil vere:
- Utføre dagleg vedlikehald og rehabilitering av regionen sine IKT-tekniske løysningar og utstyr til kraftverk og reguleringsområde
- Tilsyn, tilstandsvurdering og feilsøking for å tilfredsstille interne og eksterne krav
- Delta i prosjekt og vedlikehaldsarbeid i eiga kraftverksgruppe og andre kraftverksgrupper ved behov
- Inngå i fagteam og bidra til effektiv utnytting av produksjonsressursane gjennom kostnadseffektivt vedlikehald i et langsiktig perspektiv.
- Dokumentere vedlikehald i samsvar med interne krav og rutinar
- Delta i utkallingsordning
- Roller som AFA i henhold til FSE
Personlege eigenskapar og kompetanseområde:
- Fagbrev som telekommunikasjonsmontør, automatikar eller dataelektronikar, eller anna relevant utdanning
- Fagbrev som elektrikar (gruppe L) i tillegg er ein fordel
- Tilleggskompetanse innan PLS – lokalkontrollanlegg er ein fordel
- Erfaring frå kraftverksbransjen er en fordel
- Gode haldningar og sterk motivasjon knytt til HMS
- Gode kommunikasjonsevner munnleg og skriftleg
- Fordel med kjennskap til vedlikehaldssystem, avdelinga brukar SAP vedlikehaldssystem
- Gode norsk- og engelskkunnskapar
- Førarkort klasse B er nødvendig og andre sertifikat/godkjent opplæring er ein fordel
Statkraft forvaltar kritisk infrastruktur og tenester i fleire land. Søkjar må difor vere eigna for tryggleiksklarering og autorisasjon.
Statkraft tilbyr
- Fagleg og personleg utvikling i eit konsern i sterk vekst
- Et godt arbeidsmiljø prega av kompetanse, ansvar og nyskaping
- Mangfald med omsyn til alder, kjønn og kulturell bakgrunn
- Konkurransedyktige vilkår og gode velferdsordningar
Kontaktpersonar:
IKT-koordinator, Morten Vigdal, 917 97 430.
Kraftsverkssjef, Inge Hass, 415 18 899
Søknadsfrist: 08.08.21