LEDIG STILLING:

Statkraft søkjer Elkraft Ingeniør

Statkraft Energi AS Region Midt Norge søker etter Ingeniør/Bachelor/master innan elkraft til teknologi avdelinga.

Region Midt-Norge har ansvar for drift og vedlikehald av Statkraft sine Vind- og Vasskraftanlegg i Trøndelag, Møre og Romsdal og gamle Sogn og Fjordane. Regionskontoret for Statkraft Energi Midt-Norge ligger i Gaupne i Luster kommune. Tilsyn, drift og vedlikehold av anlegga i regionen blir utført av fire kraftverksgrupper i samarbeid med Produksjons-, Prosjekt-, Teknologi- og Utviklingsavdelinga.

Teknologiavdelinga har ansvaret for fagleg styring og skal bidra med støtte og kapasitet til drift og reinvesteringsprosjekt innan dei tekniske fagdisiplinane. Avdelinga har konkrete leveransar inn mot drift, vedlikehald og utvikling av kraftanlegg slik at Statkraft oppnår maksimal verdi i eit langsiktig perspektiv. Teknologiavdelinga bidrar også med kompetanse og kapasitet utanfor region Midt-Norge, der dette er etterspurt/relevant. Teknologiavdelinga har tilsette i Gaupne, Sunndalsøra og i Trondheim.

Oppmøtestad er Gaupne med opning for Trondheim, og arbeidsområdet er heile regionen. Tidsavgrensa oppdrag og reiseverksemd i regionen og elles i Norge må påreknast.

Kvifor Statkraft? 

Statkraft har gjort rein energi mogleg i over eit år-hundre. Det er det vi tilbyr. 125 års ekspertise utan sidestykke med å forsyne verden med det den trenger mest. Fordi i kampen mot klimaendringar ser vi ikkje fornybar energi som ein del av løysningen - vi trur det er løysningen. Hos oss vil du forme ein karriere som verkeleg er framover lent med mange fantastiske moglegheiter.

Din rolle:

  • Inneha fagkunnskap innafor for fagfelt transformatorar, generatorar, kontrollanlegg, kablar og apparatanlegg.
  • Yte teknisk driftsstøtte og bidra inn i tyngre vedlikehald på Statkraft sine kraftanlegg i region Midt-Norge
  • Bidra inn i større rehabiliteringsprosjekt med fagkunnskap innan elkraft og inneha rolle som «teknisk ansvarleg».
  • Ha nødvendig spiss kompetanse innan fagfelta, bidra til kompetansedeling og delta i relevante fagnettverk internt og eksternt.
  • Utføre utvida tilstandskontroll på elektrotekniske komponentar i kraftverksanlegg.
  • Bistå kraftverksgruppene ved feilsøking og feilretting, og yte teknisk driftsstøtte på elektrotekniske installasjonar.
  • Bidra inn i feilanalysar og tilråding om vedlikehaldstiltak.

Kvalifikasjoner

Kven er du:

  • Ha god sikkerheitsforståing, og du bryr deg om eigen og andre sin sikkerheit.
  • Høgare teknisk utdanning innan elkraftteknikk, minimum bachelor og gjerne med bakgrunn som fagarbeidar.
  • Innsikt og erfaring i kraftproduksjon (vasskraft/vindkraft) og erfaring med drift og vedlikehald av kraftverk eller annan relevant industri.
  • Noko erfaring med prosjektleiing/prosjektering.
  • Gode generelle IT kunnskapar og ferdigheiter.
  • Gode samarbeidsevne og ein relasjonsbyggjar.
  • Gode kommunikasjonsevner og framstillingsevner, samt legge til rette for kommunikasjon tverrfagleg og mellom ulike einingar i større organisasjonar.
  • Nysgjerrig på ny kunnskap og teknisk interessert.
  • Initiativrik og sjølvstendig, praktisk og resultatorientert.
  • Beherskar engelsk munnleg og skriftleg.

Fleksibel i forhold til arbeidstid og reiseverksamheit, då du har heile regionen som arbeidsområde.

I Statkraft leiter vi alltid etter menneske med gode sosiale og kommunikasjonsevner. Menneske som er innovative, kompetente og ansvarlege.

Ytterligere informasjon

Statkraft tilbyr:

Ein karriere hos Statkraft er ein karriere fylt med meining - noko som betyr at kvar ansatt ikkje berre tener til livets opphald, de gjer ein reell forskjell for planeten, samfunnet vårt og framtida. Samen jobbar vi i frontlinja for å endra spelet for fornybar energi. Frå hydrogenutvikling til algoritmisk handel og alt imellom. Vi har 125 års førsteklasses ekspertise i å lage teknologiar som setter økosystema, lokalsamfunn og miljøet vårt først.

  •  Fagleg og personleg utvikling
  • Eit godt arbeidsmiljø prega av kompetanse og nyskaping
  • Mangfald med omsyn til kjønn, alder og kulturell bakgrunn
  • Konkurransedyktige vilkår og gode velferdsordningar

Statkraft forvaltar kritisk infrastruktur og tenester i fleire land. Søkjaren må være kvalifisert for sikkerheitsklarering og autorisasjon. 

Kontaktperson: leder avdeling Teknologi, Geir Orrestad tlf. 90 23 69 35 

Søknadsfrist 14.08.2022. 

SØK HER

Powered by Labrador CMS