LEDIG STILLING:

Sparebanken Sogn og Fjordane søkjer rådgjevar

Vil du vere med på laget? Banken har ledig stilling som kunderådgjevar privatmarknad i Sogndal.

Om arbeidsgivar:

Sparebanken Sogn og Fjordane er den niande største sparebanken i landet og har nær 50 prosent av marknaden i Sogn og Fjordane. Banken har ein forvaltningskapital på om lag 63 milliardar kroner og nær 270 tilsette i Sogn og Fjordane og Bergen. Banken er det største finansielle fagmiljøet mellom Ålesund og Bergen. Vi støttar næringsutvikling i regionen og bidreg til omstilling til eit meir klimavennleg og berekraftig samfunn.

Vi søkjer ein dyktig kunderådgjevar som kjenner og har relasjonar i marknaden. Vi er interessert i deg som ønskjer å vere med på å gje gode kundeopplevingar og å bidra til vår vekst i Sogndal.

Arbeidsoppgåver

  • Finansiell rådgjeving og kundeservice.
  • Oppfølging og aktivitetar mot privatkundar.
  • Kundepleie, samt utvikle eiga kundeportefølje.
  • Aktivt sal og marknadsføring av banken sine produkt og tenester

Personlege eigenskapar

  • Har høgare utdanning og interesse for økonomi.
  • Er engasjert, omgjengeleg og serviceinnstilt.
  • Kan skape tillit og gode relasjonar.
  • Kan arbeide både sjølvstendig og i team.
  • Er Autorisert Finansiell Rådgjevar, eller ønskjer å bli det.
  • Har solid vurderingsevne og er trygg i relasjon med kunde.
  • Evne til å kommunisere tydeleg, og forstå behov i organisasjonen og hos kundane

Vi tilbyr

  • Ei spennande og utfordrande stilling med god moglegheit for personleg utvikling i ein innovativ og framtidsretta bank.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Eit veldig godt arbeidsmiljø med gode kollegaer som vil ta godt imot deg

Nærare informasjon om stillinga får du ved å kontakte regionbanksjef Laila Ruud, tlf. 48167062.

Søknadsfrist: 05.12.21

SØK HER

Powered by Labrador CMS