LEDIG STILLING:

Sparebanken Sogn og Fjordane søkjer kunderådgjevar privatmarknad Øvre Årdal
Ønsker du ein arbeidsplass med engasjement og lokal forankring? Då er vi staden for deg.
Sparebanken Sogn og Fjordane vart etablert i 1988 og brenn for Sogn og Fjordane på trettifemte året, og vi har 181 år gamle røter her i regionen. Her har vi alltid vore, og her skal vi alltid bli.
Då ein av våre rådgjevarar har søkt nye utfordringa internt i banken søkjer vi no etter ny rådgjevar privatmarknad ved vårt kontor i Øvre Årdal.
Du vil få ansvar for å følge opp og utvikle eiga kundeportefølje gjennom god rådgjeving og tilpassa produkt, både til eksisterande og nye kundar.
Trivst du med å vere der det skjer, og blir du motivert av ein variert kvardag i samspel med kjekke kollegaer og kundar? Om du får meistringsfølelse og energi i skapinga av gode relasjonar – då er du den vi er på jakt etter!
Vi ser etter deg som gjer kundereisa god. Du har fokus på å gi kunden den beste rådgjevinga og avdekker behov og finn dei riktige løysingane. Du trivst med å vere ein lagspelar, men du har også driv og engasjement i sjølvstendig arbeid. Du har høgare utdanning og er autorisert finansiell rådgjevar, men erfaring frå relevant arbeid kan vege opp for dette.
Som arbeidsgjevar tek vi godt vare på våre tilsette. Noko av det vi kan tilby er fleksibel arbeidstid, hybrid kontorløysing, redusert arbeidstid frå mai til august, medeigarskap i bedrifta gjennom tildeling av eigenkapitalbevis, gode pensjons- og forsikringsordningar og ei spennande stilling med moglegheit for personleg utvikling i ein innovativ og framtidsretta bank. Hos oss får du eit triveleg arbeidsmiljø med kompetente kollegaer som vil ta godt i mot deg.
Hos oss er det korte vegar til avgjersler, vi hjelper kvarandre med å lukkast og det er rom for å vere seg sjølv.
Kontorstad: Øvre Årdal
For informasjon om stillinga kontakt banksjef Laila Ruud, tlf 481 67 160.
Søknadsfrist: 28.05.2023