LEDIG STILLING:

Sognekraft søkjer systemutviklar

Sognekraft:

Energikonsernet Sognekraft produserer og distribuerer fornybar energi, byggjer ut og driftar fibernett – og yter ei rekkje tenester knytt til desse kjerneområda. Sognekraft AS eig og er medeigar i kraftverk med total årsproduksjon på 713 GWh. Sognekraft har fleire nye, store prosjekt innan fornybar energi under realisering og planlegging. Dotterselskapet Sygnir AS eig, driftar og forvaltar selskapet sitt regional -og distribusjons¬nett på 3 000 km. Sognenett AS, eit dotterselskap i konsernet, er i dag den dominerande leverandøren av fiber- og internettenester til bedrifter og privatkundar i Sogn. Sognekraftkonsernet har om lag 140 tilsette, med hovudkontor i Vik med lokale avdelingar og montørbasar i Sogndal, Balestrand, Lærdal og Aurland.

Konsernet Sognekraft vil bygge smarte teknologiske løysingar for å optimalisere drifta av kraftproduksjon og sikre straumforsyninga.

I samarbeid med kollegaer i dotterselskapa skal du finne gode løysingar som støttar deira forretningsområde, gjennom innsamling, analyse og framstilling av data. I dette arbeidet skal du finne moglegheiter for å automatisere oppgåver og gi betre grunnlag for avgjerder.

Stillinga inngår i ei tverrfagleg gruppe som jobbar tett på forretningsområda i konsernet. Du vil ha eigne prosjekt, men delta aktivt i samarbeidet i gruppa. Du kan ta initiativ til å teste ny teknologi for å forbetre applikasjonane. Vi har ein moderne teknologistack der bruk av Python, tidsseriedatabasar, grafiske presentasjonsverktøy og IoT løysingar er sentralt. Vi har bygd ut LoRaWAN nettverk langs Sognefjorden. Tenester basert på dette nettverket er integrert i nettselskapet Sygnir og Sognekraft Produksjon si verksemd. Sognekraft har truleg den mest samanhengande LoRaWAN-dekninga i Norge og vi har kome langt med datainnsamlinga i våre applikasjonar.

Arbeidsoppgåver

  • Innsamling, analyse og framstilling av data
  • Bruk av moderne maskinlæringsverktøy som PyTorch, TensorFlow eller liknande
  • Delta i utvikling og implementering sensorløysingar og protokollar for datainnsamling
  • Drift og vidareutvikling av vår LoRaWAN plattform
  • Delta i interne utviklingsprosjekt som KPI (nøkkeltalsindikatorar)

Din erfaring

  • Bachelor-/mastergrad innan tekniske fag som kybernetikk/data/elektronikk
  • Erfaring med programmering i Python eller liknande
  • Kjennskap til bruk av databasar og grafiske presentasjonsverktøy t.d. Grafana og Highcharts

Om deg

  • Nysgjerrig på digitale utfordringar
  • Evne til å setje seg inn i ny teknologi
  • Interesse for å utvikle framtidsretta løysingar
  • Gode kommunikasjons -og samarbeidseigenskapar

Vi tilbyr spennande arbeidsplass i eit kompetansesterkt, inspirerande og uformelt arbeidsmiljø.

Kontorstad på ein våre kontorlokasjonar, fortrinnsvis Vik.

Kontaktpersonar:

Vegard Bolstad, IKT sjef, 905 19 573

Jostein Orvedal, Produksjonsingeniør og systemutviklar, 469 20 848

Søknadsfrist: 06.02.2022

SØK HER

Powered by Labrador CMS