LEDIG STILLING:

Bli med på laget! Vi byggjer ny vasskraft i Sogn

Sognekraft søkjer prosjektleiarar/ prosjektingeniørar

Sognekraft satsar stort på bygging av fornybar vasskraft i Sogn. For tida er aktiviteten høg med bygging av Tynjadalen og Fosseteigen kraftverk i Lærdal, Mundalselvi kraftverk i Fjærland samt fullføring av Leikanger kraftverk. I tillegg arbeider Sognekraft med planlegging av dei nye anlegga Feios og Offerdal kraftverk, samt fornying av andre eksisterande anlegg. Vi søkjer difor etter initiativrik, samarbeidsvillig og resultatorientert prosjektleiar i utbyggingsseksjonen. Personar med anna relevant kompetanse for prosjektgjennomføring kan også bli vurdert, då det er ynskje om å styrka utbyggingsavdelinga med to nye medarbeidarar.

..

Prosjektleiarar/prosjektingeniørar

Du skal sikre framdrift, kvalitet, økonomi og tryggleik i utbyggingsprosjekta. Du vil jobbe med dyktige fagfolk og du har god kommunikasjon med alle involverte, i Sognekraft, mot entreprenørar, konsulentar, grunneigarar, publikum og myndigheiter. Teamet på utbygging produksjon har i tillegg til prosjektleiing òg andre oppgåver i prosjekta som kontrollingeniør, HMS-ansvar eller byggjeleiing, gjerne fleire oppgåver i kombinasjon.

Du har høgare utdanning innan bygg- og anlegg, maskin eller elektro og helst 3-5 års erfaring frå prosjektleiing eller prosjekteringsleiing. Du legg vekt på god norsk skriftleg og munnleg formidling, og har kjennskap til norsk regelverk, kontraktsstandardar (spesielt NS8407) og byggherreforskrifta.

Vi ser etter ein lagspelar som er sjølvgåande, strukturert og målretta med god avgjerds- og samarbeidseigenskapar. I teamet er du ein pådrivar i utvikling av lagånd og trivsel. Du har god energi til å gjennomføre prosjekt.

Ta den unike moglegheita til å delta i utbygging av nye vasskraftanlegg innan fornybar energi i Sogn, og få ein arbeidsplass med fagleg fokus og spennande arbeidsoppgåver.

Kontorstad i Vik eller Sogndal. Kontakt oss gjerne for ein uforpliktande prat om stillinga.

For meir informasjon ta kontakt med utbyggingssjef Harald Fimreite på telefon 918 05 768 eller konserndirektør produksjon Erlend Bårgard telefon 477 60 692.

Vi ønskjer betre kjønnsbalanse i konsernet og oppfordrar generelt kvinner til å søkje.

Send søknad og CV innan 24. oktober til [email protected]

Powered by Labrador CMS