LEDIG STILLING:

Sognekraft søkjer produksjonssjef

Har du òg tru på ei framtid som etterspør rein energi?

Om arbeidsgivar:

Energikonsernet Sognekraft har om lag 140 tilsette lokalisert i Vik, Sogndal, Balestrand, Lærdal og Aurland. Konsernet forvaltar dei tre kjende merkevarene Sognekraft, Sygnir og Sognenett. Verksemdene produserer og distribuerer fornybar energi, utviklar fibernett – og yter tenester knytt til desse områda.

Sognekraft produserer straum kvar einaste time heile året i vakker og utfordrande vestlandsnatur. Klimautfordringa har ført til eit stort behov for fornybar energi og forbruket aukar stadig. Sognekraft har ei rekkje større og mindre kraftprosjekt under planlegging. Samstundes moderniserer og effektiviserer vi dei kraftverka vi eig og driv i dag. Vi har tru på ei framtid som etterspør rein energi.

Sognekraft søker ein relasjonssterk og kommunikativ produksjonssjef med forretningsteft til å vere med å vidareutvikle vekst innan produksjon og forvaltning av fornybar energi. Stillinga rapporterer til konserndirektør produksjon. Dette er ein eineståande moglegheit til å vera med å forvalte vasskraftenergi og optimalisere produksjon av fornybar energi.

Sentrale arbeidsoppgåver for vår produksjonssjef vil vere:

  • Optimalisere vasshushald, planlegge produksjon og maksimere verdiskapinga.
  • Overordna ansvar for vedlikehald og drift av produksjonsanlegga.
  • Leiing av medarbeidarar i produksjonsavdelinga.
  • Sentral drivkraft for digitalisering og vidareutvikling av produksjonseininga.
  • Kommunikasjon og dialog med grunneigarar og samarbeidspartnarar.
  • Del av leiinga i produksjonsselskapet.
  • Del av leiing eller styra i dotterselskapa.

Vi ser etter deg med ein leiarstil som inkluderer og ser potensiale i medarbeidarane. Du har økonomikompetanse, forretningsforståing og kommersiell teft. Det er ein fordel om du har erfaring med sal av straum, men ikkje eit krav.

Kontorstad er i Vik, men kan vurderast plassert i Sogndal.

Kan dette vere deg? Ta kontakt med Nils Jørgen Tømmerås på tlf. 971 84 166, Malene Foss Hammervold på tlf. 974 68 837 eller Tonje Støver Knutsen på tlf. 477 10 611.

Søknadar blir behandla fortløpande. Vi handsamar all kontakt konfidensielt, også overfor kunde i innleiande fase.

Søknadsfrist: Snarast

SØK HER

Powered by Labrador CMS