LEDIG STILLING:

Sognekraft søkjer økonomisjef

Om arbeidsgivar:

Konsernet Sognekraft produserer og forvaltar fornybar energi. Konsernet si verksemd omfattar produksjon, distribusjon og sal av energi, breiband og tenester knytt til desse kjerneområda. Dotterselskapet Sognekraft Produksjon AS eig og er medeigar i kraftverk med total produksjon på 713 GWh. Dotterselskapet Sygnir AS eig, driftar og forvaltar selskapet sitt regional -og distribusjonsnett på 1900 km. Sognenett AS tilbyr fiber til bedrifter og privatkundar i Sogn. Det er om lag 140 tilsette i konsernet med hovudkontor i Vik og avdelingar/montørbasar i Sogndal, Balestrand, Lærdal og Aurland.

Sognekraft er i utvikling, og morselskapet leverer administrative fellestenester til mange selskap. Vi tilbyr ein spennande stilling som leiar for økonomifunksjonen med fem dyktige medarbeidarar.

Arbeidsoppgåver

Økonomisjef leiar og utviklar konsernet sin økonomifunksjon, og har mellom anna ansvar for og deltar i:

Fakta om stillinga:

Stillingstype: Fast

Søknadsfrist: 14.06.21

Cannot draw content. Required options not set.
Click settings-icon above to edit.

  • Rapportering og analyser til leiing og styre
  • Bidra i strategiutvikling og prosjekt
  • Budsjett- og prognoseprosessar
  • Utarbeiding av investeringsgrunnlag
  • Økonomi- og likviditetsstyring
  • Rekneskap og løn
  • Forbetre og effektivisere prosessar
  • Årsrekneskap, skattemeldingar og anna ekstern rapportering
  • Kontakt mot revisor og bank
  • Pådrivar og støtte for utvikling av samarbeidsløysingar
  • Økonomisk og strategisk ressursforvaltning
  • Fullmaktsstrukturar

Ønska kvalifikasjonar og eigenskapar

Vi søkjer ein tydeleg og motiverande leiar som vil vere med å utvikle Sognekraftkonsernet. Du er løysingsorientert, samarbeider lett og likar ein travel kvardag. Du leverer innafor avtalte tidsfristar med høg fagleg integritet.

Rett kandidat har

  • Høgare økonomisk utdanning
  • Relevant erfaring og gjerne leiarerfaring
  • Gode kommunikasjonsevner munnleg og skriftleg
  • Gode samarbeids- og leiareigenskapar som stimulerer og utviklar medarbeidarane

Stillinga har kontorstad i Vik. Vi ønskjer betre kjønnsbalanse i konsernet og oppfordrar generelt kvinner til å søkje.

For meir informasjon ta kontakt med konsernsjef Terje Bakke Nævdal på tlf. 91181056


Søknadsfrist: 14.06.21

SØK HER

Powered by Labrador CMS