LEDIG STILLING:

Sognekraft søkjer kommunikasjonsansvarleg
Synst du det er interessant å jobbe med kommunikasjon av morgondagens smarte løysningar, berekraft og utvikling?
Vi har ledig stilling som KOMMUNIKASJONSANSVARLEG. Vi søkjer initiativrik person som har evne til å formidla komplekst innhald på ein enkel og engasjerande måte.
Ta denne eineståande sjansen til å vera med i utviklinga av Sognekraftkonsernet. Du vil jobbe tett på konsernsjef og vera ein del av konsernet sin stab i eit kompetansesterkt, inspirerande og uformelt arbeidsmiljø.
Arbeidsoppgåver:
- Samhandle med konsernleiinga i kommunikasjonsarbeidet
- Arbeide tett med dotterselskapa og produsera tekst til ulike kanalar
- Delta i arbeid med merkevareutvikling
- Vidareutvikle konsernet sin kommunikasjonsstrategi og leie krisekommunikasjon
- Redaktør for heimesider og sosiale media
- Utføre og vere ein pådrivar for god kommunikasjon internt i konsernet.
Ønska kvalifikasjonar
- Relevant utdanning, helst bachelor eller master
- Gjerne medieerfaring og god forståing for energi- og klimapolitikk
- Forstår politiske prosessar
- Kommuniserer godt både skriftleg og munnleg og evne til å presentere innhald i formelle og uformelle omgivnader
Personlege eigenskapar
- Jobbar godt sjølvstendig og i team
- Strukturert og initiativrik
- Er god til å bygge relasjonar
- Har god dømmekraft og strategisk kompetanse
Kontorstad på ein våre kontorlokasjonar, fortrinnsvis Vik eller Sogndal.
Du treng ikkje oppfylle alle krava for å bli vurdert.
Vi ynskjer betre kjønnsbalanse i konsernet og oppfordrar generelt kvinner til å søkje.
Spørsmål om stillingen
Terje Bakke Nævdal, Konsernsjef, Mobil 911 81 056
Søknadsfrist: 23.05.2022