LEDIG STILLING:

Sognekraft har ei rekkje spennande stillingar

Vel du fornybar energi? Vi treng fleire dyktige medarbeidarar.

Sognekraft - drivkraft i Sogn

Sognekraft skapar aktivitet som gir arbeidsplassar og lønsemd til gode for eigarar og samfunn. Dette er i tråd med selskapet sin visjon om å vere drivkraft i Sogn.

Sognekraft vart skipa 14. mars 1947 av kommunar og kraftlag i midtre og indre Sogn, for å betre kraftforsyninga til innbyggjarar og næringsliv i bygdene i Sogn. I dag har Sognekraft (konsern) om lag 115 tilsette og har si hovudverksemd i produksjon, distribusjon og sal av kraft. Sognekraft har konsesjon for straumnettet i kommunane Vik, Balestrand, Leikanger, Sogndal og Frønningen i Lærdal kommune. Selskapet har ein kraftproduksjon på 608 GWh, og har i tillegg driftsansvar for kraftverk eigd av andre (125 GWh). Sognekraft sel om lag 700 GWh kraft til sluttkundar. Konsernet tilbyr fiber, internett og TV gjennom dotterselskapet Sognenett.

Sognekraft sitt hovudkontor er i Vik i Sogn, med lokale avdelingar i Sogndal og Balestrand.

Sognekraft har som ambisjon å vekse innan produksjon av fornybar energi og har konkrete planar om fleire store utbyggingsprosjekt i regionen dei komande åra. Sognekraft er og skal vere drivkraft i Sogn.

Produksjonsingeniør

Fornybar energi og digitalisering er framtida!

Vår produksjonsavdeling i Vik forvaltar vasskraftproduksjon både for eigne og deleigde kraftverk. Avdelinga har også drift- og vedlikehaldsavtale for kraftverk som har andre eigarar. Vedlikehaldsavdelinga er lokalisert i Årøy i Sogndal kommune. Vi har høg aktivitet og fleire nye kraftverk under bygging og utvikling. Vi søkjer derfor etter ny medarbeidar innafor drift, planlegging og optimalisering av kraftproduksjon.

Oppgåver og ansvar

  • Dagleg produksjonsplanlegging og hydrologisk analyse
  • Drift og datahandsaming frå meteorologiske og hydrologiske målestasjonar
  • Drift og vedlikehald av IKT- fagsystem
  • Utvikle løysingar innafor digitalisering, som IIoT og maskinlæring

Søknadsfrist: 12. nov.

Sjå heile utlysningar her.

....

Økonomikonsulent

Vil du jobbe innan fornybar energi? Ledig stilling på rekneskap og økonomi

Sognekraftkonsernet er i stor utvikling og morselskapet leverer administrative fellestenester innan økonomi til alle selskapa i konsernet. Vi tilbyr ei spennande stilling som økonomikonsulent i eit triveleg og travelt arbeidsmiljø på økonomiavdelinga. Stillinga rapporterer til konserndirektør økonomi og finans.

Ansvarsområde

  • arbeide for gode kundeopplevingar og kvalitet i leveransar og prosessar til økonomiavdelinga sine oppdragsgivarar
  • bokføring, avstemming, periodiske rapportar og deltaking i årsavslutning
  • utarbeide analysar og rapportar som gjev selskapa i konsernet god styringsinformasjon
  • delta i budsjettprosessen og utarbeiding av prognosar
  • samarbeide tett med dine kollegaer i økonomiavdelinga for å kvalitetssikre og optimalisere økonomiprosessane

Søknadsfrist: 12. nov.

Sjå heile utlysninga her.

....

Powered by Labrador CMS