LEDIG STILLING:

Sogndal vgs søkjer administrasjonsmedarbeidar

Har du administrativ utdanning og treng nye utfordringar?

Sogndal vgs:

Sogndal vidaregåande skule er ein stor skule i Vestland med omlag 800 elevar og 150 tilsette. 

Skulen har for tida 41 klasser fordelt på utdanningsprogramma bygg- og anleggsteknikk, elektrofag, idrettsfag, helse- og oppvekstfag, studiespesialisering, service- og samferdsel, restaurant- og matfag og teknikk og industriell produksjon. 

Vi har også landslinje for yrkessjåførar, vaksenopplæring og ansvar for fengselsundervisning. 

Lokala våre er nye og moderne og vi held til på Fosshaugane Campus. 

Vi har godt arbeidsmiljø for dei tilsette og vi legg vekt på å ha gode læringsmiljø for elevane.

For meir informasjon gå til skulen si heimeside: www.sogndal.vgs.no

Arbeidsoppgåver

  • Dokumentasjon og vitnemålskontroll for elevar og privatistar
  • Karakteroppgjer og rapportering
  • Arkivar - journalføring, skanning og brukarstøtte
  • Tilretteleggjar rekruttering
  • Saksførebuing

Kvalifikasjonar

  • Minimum bachelor i relevante administrative fag
  • Erfaring med systemarbeid
  • Gode ikt-kunnskapar
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne

Personlege eigenskapar

  • Du er serviceinnstilt, strukturert og effektiv
  • Analytisk og trivast med detaljarbeid
  • Du er sjølvstendig samtidig som du samhandlar godt med andre 
  • Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjing.

Vi tilbyr

  • Løn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Gode moglegheiter for utvikling og læring i eit samskapande arbeidsmiljø.

Tilsetting skjer på grunnlag av lov- og avtaleverk og føreset godkjent politiattest. Stillinga har seks månader prøvetid. Administrasjonsmålet i Vestland fylkeskommune er nynorsk. I følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste, vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. 

For spørsmål, kontakt:

Astrid Hove, administrativ leiar, tlf.: 480 16 268, E-post: astrid.hove@vlfk.no.

Jorunn Felde, rektor, tlf.: 951 91 964

SØK HER

Powered by Labrador CMS