LEDIG STILLING:

Sogndal kommune søkjer avdelingsleiar veg

Om stillinga:

Stillingstype: Fast heiltid

Søknadsfrist: 13.06.21

Stillinga er plassert under kommunalsjefområde Plan og Samfunn, og vidare under tenesteeining Teknisk drift. Tenesteeining for teknisk drift vert organisert med 4 avdelingar og ein stab med ansvar for prosjektoppfølging.

Avdelinga har i dag 13 fast tilsette. Avdelingsleiar vil få vere med å bygge og forme avdelinga saman med tenesteleiar og dei tilsette i avdelinga.

Avdelingsleiar for veg vil leie ei avdeling med ansvar for kommunale vegar, grøntanlegg og parkering.

I stillinga vil ein utarbeide planar for drift og utbetring av kommunale vegar.

Arbeidsoppgåver:

  • Oppfølging av avdelingsøkonomien og gjennomføra innkjøp
  • Deltaking i tverrfaglege prosessar rundt reguleringsplanar og kommuneplanar
  • Sakshandsaming innan fagområdet
  • Budsjett- og personalansvar

Avdelingsleiaren vil i utganspunktet få leiaransvar som omfattar fagansvar, økonomisk ansvar og personalansvar. Eksakt delegasjon vert tilpassa personen i stillinga.

Kvalifikasjonar:

  • Vi søkjer primært etter ingeniør/siv.ing. med relevant bakgrunn innan fagområda veg, bygg og anlegg eller kommunalteknikk. Relevant erfaring kan erstatte formalkompetanse.
  • Det er ønskjeleg med erfaring frå planlegging/prosjektering innan fagfelta eller byggeleiing frå veganlegg. Det er og ønskeleg med erfaring frå drift og vedlikehald. Erfaring frå stilling med personalansvar.
  • God brukarkompetanse på administrative IT-system
  • God skriftlig og munnleg framstillingsevne
  • God HMS forståing og -engasjement

Personlege eigenskapar:

  • Arbeider sjølvstendig, strukturert og målretta, men også godt saman med andre.
  • Har sterk drivkraft, tar initiativ og søker kontinuerleg betring.
  • Sterk fagleg og teknisk interesse, analytisk med evne til å dela kunnskap og inspirere.

Vi tilbyr:

  • Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø innan eit viktig fagfelt.
  • Høve til å forme avdelinga og arbeidskvardagen sin sjølv.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Gode velferdsordningar

Vi ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Vi legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.

SØK HER

Powered by Labrador CMS