Den 19.09.2022 vert det ledig eit verv som fast støtteadvokat i Sogn og Fjordane tingrett og Gulating lagmannsrett. Vervet som fast støtteadvokat er personleg. Antaking av fast støtteadvokat skjer på åremål for 6 år med høve til gjenoppnemning. Gjenoppnemning utover ein periode kan berre skje når særlege grunnar tilseier det. For vervet gjeld ein gjensidig oppseiingsfrist på 3 månader. Øvre aldersgrense for faste støtteadvokatar er 70 år. Det er ynskjeleg med ei geografisk fordeling av verva som faste støtteadvokatar. Den som vert tildelt dette vervet, vert fast støtteadvokat for heile Sogn og Fjordane tingrett sin rettskrins, men vil hovudsakleg bli tildelt oppdrag for klientar heimehøyrande i Sogn.
Spørsmål om vervet kan rettast til tingrettsdommar Knut Broberg eller sorenskrivar Terje Mowatt på telefon 55 69 43 00.
Søknad med vedlegg vert stila til Domstoladministrasjonen men vert sendt til Sogn og Fjordane tingrett på e-post: tsofpost@domstol.no innan 31.08.2022.