LEDIG STILLING:

Sogn Elektro søkjer hjelpemontør/ handyman

Om Sogn Elektro AS

Om Sogn Elektro AS

Sogn Elektro AS er eit elektroinstallasjonsfirma starta i 2013. Me er i dag 12 tilsette og har oppdrag for både private, næringskundar og det offentlege. Me tek oppdrag i heile Indre Sogn.

Meir om oss her.

ME SØKER HJELPEMONTØR / HANDYMAN

På grunn av aukande oppdragsmengd søker me hjelpemontør. Jobben vil gå ut på diverse monteringsoppdrag blant anna solceller og varmepumper, i tillegg til å vera hjelpemontør på større prosjekt. Det er ingen krav til formell utdanning, men me søker ein person som er praktisk anlagt og lærevillig. Gjerne bakgrunn som tømrar eller mekanikar. Stillinga er nyoppretta og arbeidsoppgåver vil bli tilpassa søkaren sine kvalifikasjonar.

Ønska eigenskapar:

  • Praktisk anlagt og like nye utfordringar
  • Sjølvstendig, fleksibel og serviceinnstilt
  • Beherskar norsk munnleg og skriftleg

Me tilbyr;

  • Spennande og varierte arbeidsoppgåver
  • Konkurransedyktig løn
  • Firmabil med muligheit for privatbruk

For meir informasjon, kontakt dagleg leiar Stian Hellebust på 489 97 853.

Søknad og CV sendes [email protected]

Søknader vert behandla fortløpande.

Powered by Labrador CMS