LEDIG STILLING:

Sjukepleiar/ vernepleiar i Heimetenesta - Lærdal kommune
Ynskjer du deg ein spanande jobb med faglege utfordringar, og mulegheiter for utviklling? Då ser vi etter akkurat deg!
Dine oppgåver vil være å gje hjelp og rettleiing ved sjukdom og nedsett funksjonsevne, slik at brukaren opplev å meistre sin sjukdom/ helseplager i størst muleg grad. Systematisk kartlegging av brukarane og oppfølging for å avdekke forverring av tilstand, samt gode evner til å iverksette rette tiltak, der meistring av eige liv for brukaren er målsetnaden.
Ernæringskartlegging, kvardagsrehabilitering, velferdsteknologi, palliasjon og medisinsk oppfølging vil vere stikkord i ditt arbeid. Samt tverrfagleg samarbeid med ulike fagmiljø, fastlege og spesialitshelsetenasta.
Er dette deg?
- Høg arbeidsmoral
- Ynskjer fagleg og personleg utvikling
- Trives med menneske
- Fleksibel og god på samhandling - finn den beste løsninga
- Serviceinnstilt og positiv
- Handlingsorientert og ansvarsbevisst
- Evne til å arbeide i eit hektisk miljø
Kjenner du deg igjen, ynskjer me oss gjerne ein søknad frå deg!
Vi har ledig 100% fast stilling som sjukepleiar/ vernepleiar i heimebasert omsorg
Stillinga har turnus med arbeid kvar 3. helg.
Hjå oss får du:
- Godt arbeidsmiljø blant flotte kollegaer!
- Fagleg utvikling
- Mulegheit til å påverke eigen arbeidskvardag
- Mulegheit for vidareutdanning
- Støttande leiing
- Gode pensjonsordninger, ulykkes- og gruppelivsforsikring
Kva kvalifikasjonar krev vi?
- Autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
- Førerkort klasse B - godkjent i Norge
- Gyldig politiattest
- Gyldig arbeids- og opphaldsløyve
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
Lønsvilkår:
- Lønn etter tariff
- pensjonsordning KLP
Om arbeidsgjevaren:
Lærdal kommune søker motiverte medarbeidarar som er kompetente, opne, pålitelege og samfunnsengasjerte.
Kvalitet i tenestene vert skapt gjennom godt arbeidsmiljø og mangfald blant tilsette.
Heimebasert omsorg yt tenester til 12 heildøgnsbemanna omsorgsbustader, i tillegg til alle flotte teneste mottakarane våre rundt om i bygda. Totalt er vi ca 75 tilsette i heile pleie og omsorg, og kanskje vert du vår nye kollega!
Send søknaden via:
Lærdal kommune si heimeside: www.laerdal.kommune.no under fana "ledige stillingar".
Søknadsfrist 10.08.2022
Kontaktperson
Toril Tørvi Grøthe, Einingsleiar pleie og omsorg, tlf: 91360633, mobil: 91360633, toril.torvi@laerdal.kommune.no
Monika Obara, Ass. einingsleiar, mobil: 47486685, Monika.Obara@laerdal.kommune.no