LEDIG STILLING:

SIMAS søkjer produksjonsleiar på drift

Om SIMAS IKS:

SIMAS er eit interkommunalt selskap eigd av kommunane i Sogn.Selskapet har som formål å handsame avfall frå hushaldningar og verksemder. Arbeidsstaden er Festingdalen på Kaupanger.

Produksjonsleiar

Me søkjer ein person som kan ha ansvar for drift på hovudanlegget i Festingdalen.


Hovudoppgåver for stillinga

  • Ansvar for drift på hovudanlegget i Festingdalen
  • Ansvar for planlegging, organisering og tilrettelegging av arbeidsoppgåver, og for opplæring og rettleiing av arbeidstakarar
  • Delta i industriverngruppa
  • Skal jobbe aktivt for eit godt og inkluderande arbeidsmiljø, og sørgje for at den einskilde arbeidstakar får oppgåver som gjev moglegheit for personleg vekst og utvikling
  • Må ha evner til å drive gjennom endringsprosessar og kan ta vanskelege avgjerder
  • Sørgje for at drifta blir planlagt og gjennomført på ein optimal måte innanfor gjeldande standardar, budsjett og rammer. Dette omfattar alle forhold i tilknyting til drift.


Ynskjeleg utdanning/praksis

  • Sertifikat kl. B, truckførarbevis og maskinførarbevis
  • Erfaring på å leie personale
  • Grunnleggjande IT-kunnskap
  • Erfaring med Lean
  • Erfaring frå industrivernarbeid


For stillinga søkjer me etter personar som

  • Ser moglegheiter og tek initiativ til forbetringar
  • Er strukturert, systematisk og har ei planmessig tilnærming til arbeidet
  • Er tydeleg, målretta og kan ta avgjerder
  • Kan arbeide sjølvstendig og samarbeide godt med andre
  • Villeg til å setje seg inn i og lære nye ting
  • Kan ta eit ekstra tak når det trengs

Me kan tilby

  • Varierte og meiningsfylte arbeidsoppgåver hjå ein viktig miljøaktør i Sogn
  • Naudsynt opplæring, kurs og rettleiing
  • Løn i.h.t. eigen lønstabell med pensjonsordning i KLP


Spørsmål om stillinga

Spørsmål om stillinga kan rettast til direktør Hallvard Thomassen, tlf. 995 78 118.

SØKNADSFRIST: 06.08.21

SØK HER

Powered by Labrador CMS