LEDIG STILLING:

SIMAS søkjer mekanikar/ vedlikehaldsansvarleg

Om SIMAS IKS:

SIMAS er eit interkommunalt selskap eigd av kommunane i Sogn. Selskapet har som formål å handsame avfall frå hushaldningar og verksemder.

SIMAS har ein god del utstyr som maskiner, bilar og containerar som me ynskjer å vedlikehalde meir i eigen regi.

Oppgåver for stillinga

  • Hovudansvar for drifting av verkstaden
  • Sikre at det blir jobba systematisk med førebyggjande vedlikehald
  • Utføre lett vedlikehald og reparasjon på maskiner og utstyr
  • Innkjøp og lagerføring av forbruksmateriell innanfor mandat og budsjettramme
  • Planlegge verkstadtimar, følgje opp alle einingar med tanke på service, PKK, reparasjonar mm.
  • Skal jobbe aktivt for implementering av vedlikehald i kvalitetssystemet vårt
  • Ta del i dagleg drift ved behov
  • Rapporterer direkte til produksjonsleiar

Ynskjeleg utdanning/praksis

  • Fagbrev mekanikar eller relevant utdanning/erfaring innan mekaniske fag
  • Erfaring med sveising
  • Erfaring med hydraulisk utstyr
  • Grunnleggjande IT-kunnskap
  • Fordel med sertifikat for truck og kran
  • Fordel med maskinførarbevis
  • Fordel med sertifikat kl. CE

For stillinga søkjer me etter personar som

  • Ser moglegheiter og tek initiativ til forbetringar
  • Er strukturert, systematisk og har ei planmessig tilnærming til arbeidet
  • Er tydeleg og målretta
  • Kan arbeide sjølvstendig og samarbeide godt med andre
  • Villeg til å setje seg inn i og lære nye ting
  • God kommunikasjonsevne, skriftleg og munnleg
  • Kan ta eit ekstra tak når det trengs

Me kan tilby

  • Varierte og meiningsfylte arbeidsoppgåver hjå ein viktig miljøaktør i Sogn
  • Naudsynt opplæring, kurs og rettleiing
  • Løn i.h.t. eigen lønstabell med pensjonsordning i KLP

..

Spørsmål om stillinga rettast til produksjonsleiar Frode Tjønn på telefon 468 37 494.

Søknadsfrist: 06.06.2022

SØK HER

Powered by Labrador CMS