LEDIG STILLING:

SIMAS søkjer HMS- og kvalitetsleiar

SIMAS IKS:

SIMAS IKS er eit renovasjonsselskap i Sogn. Med stort fokus på klima og miljø spelar selskapet ei viktig rolle i samfunnsutviklinga.

Me jobbar kontinuerleg med å utnytte verdiane i avfallet betre. SIMAS ynskjer å bidra til minst mogleg utslepp av klimagassar og miljøgifter - på ein kostnadseffektiv måte.

Om stillinga

Me ser etter deg som kan leia og koordinere HMS- og kvalitetsaktivitetane i eit framtidsretta renovasjonsselskap.

Som person har du eit bevisst forhold til utvikling av god bedriftskultur og fokus på å skape forankring i organisasjonen.

Me ynskjer ein HMS- og kvalitetsleiar som er oppteken av kontinuerleg forbetringsarbeid. Du vil jobbe tett med heile organisasjonen i arbeidet med forsvarleg handtering av avfall til gjenvinning.

Hovudoppgåver for stillinga

  • Vere ein del av leiargruppa
  • Leia og koordinere HMS- og kvalitetsaktivitetane i SIMAS
  • Arbeide med kontinuerleg forbetringsarbeid
  • Systematisk arbeid med ytre miljø og forsvarleg handsaming av avfal til attvinning og sluttdisponering
  • Organisere, dimensjonere og drifte industrivernet i SIMAS
  • Oppfylging av myndigheitskrav innan arbeidsmiljø, ytre miljø og sikkerheit
  • Vere ressursperson innan miljø og sirkulær økonomi

Ynskja kvalifikasjonar

  • Høgare utdanning innan naturvitskap
  • Erfaring med HMS og kvalitetsarbeid - gjerne innan avfallsbransjen
  • Innsikt i ISO 9001, ISO 14001 standardane
  • Kjennskap til Landax er ein fordel

Personlege eigenskapar

  • Offensiv og initiativrik
  • Evne til å kunne samarbeide i heile organisasjonen
  • Må trivast med å jobbe operativt ute i organisasjonen
  • God kommunikasjonsevne og pedagogiske eigenskapar
  • God skriftleg og munnleg både norsk og engelsk

Me tilbyr

  • Ei sentral rolle i utviklinga av viktige tenester for samfunnet og innbyggjarar
  • Arbeid med spanande fagområde innan miljø- og ressursforvaltning
  • Konkurransedyktig løn
  • Eit godt arbeidsmiljø med fokus på verdiar og samhandling
  • Arbeidsstad i naturskjønne omgjevnadar, med kort avstand til flotte turar, både sommar og vinter. Sogn er kjent for gode skular og eit rikt utdanningstilbod. Her vil du og oppleve ein køfri kvardag.

Spørsmål om stillinga

Spørsmål om stllinga kan rettast til Dagny Ugulsvik Alvik på telefon 913 90 943.

Søk stillinga

Søknadsfrist: 1. februar 2022

Powered by Labrador CMS