LEDIG STILLING:

SIMAS IKS søkjer renovatørar og driftsoperatørar i kommunane Vik og Sogndal

SIMAS IKS er eit interkommunalt selskap eigd av kommunane i Sogn. Selskapet har som føremål å handsama avfall frå hushaldningar og verksemder.

Stillingar: Renovatørar og driftsoperatørar i kommunane Sogndal og Vik

Hovudoppgåver for stillingane:

  • Dagleg drift av miljøstasjon
  • Kontroll og registrering av farleg avfall
  • Kundehandsaming
  • Innsamling og transport av avfall frå hushaldning og næring
  • Kontroll av kjeldesortering
  • Avviksregistrering
  • Andre oppgåver som naturleg ligg under avfallshandtering
  • Rapporterer direkte til avdelingsleiar

Ynskjeleg utdanning/praksis:

  • Sertifikat kl. B, BE, C, YSK, truckførarbevis og maskinførarbevis.
  • Erfaring innan transportrelatert verksemd/renovasjon/miljøstasjon.
  • Grunnleggjande IT-kunnskap.

For stillinga søkjer me etter personar som:

  • Beherskar munnleg/skriftleg norsk
  • God fysisk form
  • Er strukturert, målretta og villig til å lære nye ting
  • Er serviceinnstilt
  • Ser mogelegheiter og tek initiativ til forbetringar
  • Kan arbeide sjølvstendig og samarbeide godt med andre.
  • Kan ta eit ekstra tak når det trengs.

Me kan tilby:

  • Varierte og meiningsfylte arbeidsoppgåver hjå ein viktig miljøaktør i Sogn.
  • Naudsynt opplæring, kurs og rettleiing.
  • Fleksibilitet i arbeidstid
  • Løn iht. eigen lønstabell med pensjonsordning i KLP.

Spørsmål til stillinga rettast til:

Avdelingsleiar miljøstasjonar, Kenneth Teigen: 922 69 531
Avdelingsleiar transport, Paulius Cekanavicius: 462 41 155

Søknadsfrist 15. oktober 2021.

SØK HER

Powered by Labrador CMS