LEDIG STILLING:

SFE søkjer fagarbeidar Elektro

Fagarbeidar Elektro i Mel kraftverk - Sogndal

Å sikre berekraftige løysingar, og bidra i kampen mot dei store klimautfordringane, er berebjelkar i Sogn og Fjordane Energi si verksemd.Vi jobbar kvar dag med å skape den fornybare framtida - ein jobb som gir meining.

Sogn og Fjordane Energi er ein av dei store produsentane av fornybar energi på Vestlandet, lokalisert midt i hjartet av Norges fremste region for fornybarressursar. Vi hentar krafta vår frå vatn og vind, samt våre 250 engasjerte og dyktige medarbeidarar.Energikonsernet har omfattande nybyggingsaktivitet innan både vind- og vasskraft. Dette i tillegg til ein høg drifts- og vedlikehaldsaktivitet, der vi gjennom eigenutvikla system og digitale løysingar, er langt framme i arbeidet med å utvikle framtidas drift og vedlikehald.

Dine hovudoppgåver:

  • Kontroll, drift og vedlikehald av våre stasjons- og vassdragsanlegg
  • Feilsøkjing, reperasjon av anlegg og utstyr
  • Delta i prosjekt , stansar og revisjonar på alle våre anlegg
  • Vidareutvikle deg innan relevante fag- og spesialområder
  • Må kunne jobbe tverrfagleg og delta i arbeid på alle våre anlegg og oppmøtestadar når det er behov for det

Du har:

  • Fagbrev innan elektrofag
  • Erfaring frå større systembasert førebyggande vedlikehald

Du er:

  • Sjølvstendig, men arbeider også godt i saman med andre
  • Positivt oppteken av HMS, og tør å seie ifrå
  • Sosial og har godt humør, og er ein positiv bidragsytar for miljø og samhald
  • Ein som likar å stå på og har ei positiv haldning til effektivitet, utvikling og forbetring
  • Innstilt på ein del reising knytt til arbeid på våre anlegg

Søknadsfrist 20. mai 2022

Kontaktpersoner: Åge Litlere, Stasjonsgruppeleiar, 91330975

SØK HER

Powered by Labrador CMS