LEDIG STILLING:

Porten søkjer vikarar og sommarvikarar

Er du den me ser etter?

Porten har dei siste åra tatt store steg i riktig retning med tanke på talet for abonnentar og men også for ambisjonane om å vere ein viktig nyheitsaktør i hjartet av Sogn.

I fjor flytta me inn i eit nyoppussa lokale midt i Sogndal sentrum. I tillegg har me eit kontor i Øvre Årdal.

Grunna høgt nyheitstrykk og eit ønskje om å utvikle oss vidare, er me stadig på jakt etter ivrige skribentar som kan bidra til vårt team. Anten du kjem inn med bakgrunn som journalist, eller har ein skrivespire i deg som har lyst å lære meir om korleis ein jobbar i ein nyheitsredaksjon, så kan du fort vere den me ser etter.

Me tilbyr både opplæring og tett oppfølging for den som kjem inn i redaksjonen.

Ønskjer du å bidra som journalist inn i eit spanande nyheitsjagande team, i ein redaksjon som er i vekst?

Stillingsutlysingar:

* Me lyser ut eit førebels halvårsvikariat, for nokon som kan jobbe på fulltid til og med august. Her er det gode moglegheiter for forlenging, og potensielt fast stilling.

* Me lyser ut stillingar til sommarvikariat, med utgangspunkt 15. juni til 15. august.

* Me leiter også etter vikarar som ønskjer å bidra elles på året. Me håpar du kan hjelpe til med kveldsvakter, helgevakter, dekkje kulturarrangement og anna.


Det skadar ikkje om du:

  • Har journalistisk erfaring før
  • Trivst med tempo, jobbar effektivt og presist
  • Er allsidig og nysgjerrig
  • Er oppteken av nyheitsbiletet og kva som engasjerer samfunnet lokalt.
  • Er lærevillig og tilpassingsdyktig
  • Skriv nynorsk
  • Har førarkort


Me kan tilby:

  • Ein sjanse til å vera med å vidareutvikle ein heildigital lokalavis i solid vekst
  • Gode og fleksible arbeidstider
  • Ein sjanse til å få teste deg sjølv i eit profesjonelt arbeidsmiljø med gode vilkår.

Arbeidsstad: Årdal og Sogndal.

For meir info, kontakt:
Ansvarleg redaktør Ola Skram: [email protected] / 415 77 725, eller
Dagleg leiar Kristine Haglund [email protected] / 948 61 766

Send CV og søknad snarast til [email protected]. Merk mailen med «søknad vikar». Legg gjerne ved attestar og vitnemål. Søknader blir behandla fortløpande.

Oppstart: Snarast/etter avtale.

Powered by Labrador CMS