LEDIG STILLING:

Porten søkjer tilkallingsvikarar

Porten er i stadig vekst. No jaktar me fleire vikarar.

Grunna ei solid vekst i abonnentsal det siste året, aukar me vår satsing i Sogn. Me treng fleire journalistar, men også tilkallingsvikarar, som kan bidra som ein del av vårt team.

Primært leiter me etter vikarar som kan ta nokre kveldsvaktar, dekkje kulturarrangement og sportsarrangement. I tillegg leiter me også etter dyktige skribentar som kan vere med å ta ansvar på helgevakter.

I utgangspunktet ønskjer me nokon med journalistisk erfaring, men dersom du har ein liten skrivespire i deg, så tilbyr me også god oppfølging og opplæring for dei som startar frå scratch.


Det skadar ikkje, dersom du:

  • Trivst med tempo, jobbar effektivt og presist
  • Er allsidig og nysgjerrig
  • Er oppteken av nyheitsbiletet og kva som engasjerer samfunnet lokalt.
  • Er lærevillig og tilpassingsdyktig
  • Skriv nynorsk
  • Har førarkort


Me kan tilby:

  • Ein sjanse til å vera med å vidareutvikle ein heildigital lokalavis i solid vekst
  • Gode og fleksible arbeidstider
  • Ein sjanse til å få teste deg sjølv i eit profesjonelt arbeidsmiljø med gode vilkår.

I Porten vil du få moglegheit til å utvikle deg sjølv, både på eit personleg men også fagleg nivå. Du vil ta del i ein dyktig redaksjon med høge ambisjonar og eit godt arbeidsmiljø.

Har du lyst på ein spanande, fleksibel og lærerik deltidsjobb?

Søk Porten da vel!

Arbeidsstad: Årdal, Sogndal eller Høyanger.

For meir info, kontakt redaktør Ola Skram: [email protected] / 415 77 725.

Send CV og søknad snarast. Merk mailen med «søknad vikar». Legg ved attestar og vitnemål. Søknader blir behandla fortløpande.

Oppstart: Etter avtale.

Powered by Labrador CMS