LEDIG STILLING:

Porten søkjer journalist til deltidsstilling - vikariat

Har du lyst å prøve deg som journalist i vakre Sogn?

Porten har nyleg blitt ein del av Polaris Media Nordvestlandet, og går spennande tider i møte. Da vår Lærdal/Aurlandsjournalist skal ut i permisjon, jaktar me ein vikar som kan bidra til vårt team. Anten du kjem inn med bakgrunn som journalist, eller har ei skrivespire i deg som har lyst å lære meir om korleis ein jobbar i ein nyheitsredaksjon, så kan du fort vere den me ser etter.

Me tilbyr både grundig opplæring og tett oppfølging for dei som kjem inn i redaksjonen.

Ønskjer du å prøve deg som journalist i eit spanande nyheitsjagande team, i ein ung redaksjon med høgt tempo?

Om stillingen:

  • Me søkjer etter ein deltidsjournalist til vikariat i 50% stilling eller meir. Det er mogleg å jobbe meir etter behov.
  • Hovedområdet er heile Sogn.

Me er ein ung og hardtarbeidande redaksjon, som likar travle dagar. Porten dekkjer i hovedsak Årdal, Lærdal, Aurland, Luster og Sogndal, og du må rekne med å vere tilstades på ulike arrangement i Sogn. Du må rekne med å jobbe noko turnus og helg etter behov.

Hovudkontoret vårt ligg i Øvre Årdal, med Jotunheimen og Utladalen som næraste nabo. Sjekk gjerne ut Ditt Årdal og Visit Årdal. Elles har me eit avdelingskontor i Sogndal.

Er du student og ønskjer ein spennande deltidsjobb, eller har du lyst å prøve deg som journalist? Søk!

Det skadar ikkje om du:

  • Likar å skrive og har interesse for foto
  • Trivst med tempo, jobbar effektivt og presist
  • Er allsidig og nysgjerrig
  • Er oppteken av nyheitsbiletet og kva som engasjerer samfunnet lokalt.
  • Er lærevillig og tilpassingsdyktig
  • Skriv nynorsk
  • Har førarkort (me har firmabil)

Me kan tilby:

  • Ein sjanse til å vere med å vidareutvikle ein heildigital lokalavis
  • Gode og fleksible arbeidstider
  • Ein sjanse til å få teste deg sjølv i eit arbeidsmiljø med gode vilkår.

Arbeidsstad: Årdal, Sogndal eller heimekontor andre plassar.

For meir info, kontakt:
Ansvarleg redaktør, Lasse Styve Andersen, lasse@porten.no, 452 032 59
Dagleg leiar, Kristine Haglund, kristine@porten.no, 948 61 766

Send søknad og CV til jobb@porten.no.

Søknadsfrist: Snarast, søknadar blir handsama fortløpande.

Oppstart: Oktober/November

Powered by Labrador CMS