Porten har nyleg blitt ein del av Polaris Media Nordvest, og går spennande tider i møte. Grunna høgt nyheitstrykk og eit ynske om å utvikle oss vidare, er me no på jakt etter nye ivrige skribentar som kan bidra til vårt team. Anten du kjem inn med bakgrunn som journalist, eller har ei skrivespire i deg som har lyst å lære meir om korleis ein jobbar i ein nyheitsredaksjon, så kan du fort vere den me ser etter.
Me tilbyr både grundig opplæring og tett oppfølging for dei som kjem inn i redaksjonen.
Ønskjer du å prøve deg som journalist i eit spanande nyheitsjagande team, i ein ung redaksjon med høgt tempo?
Om stillingane:
Me søkjer etter deltidsjournalist i 20-60% stilling.
Me er ein ung og hardtarbeidande redaksjon, som likar travle dagar. Porten dekkjer i hovedsak Årdal, Lærdal, Aurland, Luster og Sogndal, og du må rekne med å vere tilstades på ulike arrangement i Sogn. Du må rekne med å jobbe noko turnus og helg etter behov.
Hovudkontoret vårt ligg i Øvre Årdal, med Jotunheimen og Utladalen som næraste nabo. Sjekk gjerne ut Ditt Årdal og Visit Årdal. Elles har me eit avdelingskontor i Sogndal.
Er du student og ønskjer ein spennande deltidsjobb, eller har du lyst å prøve deg som journalist? Søk!
Det skadar ikkje om du:
Likar å skrive og har interesse for foto
Trivst med tempo, jobbar effektivt og presist
Er allsidig og nysgjerrig
Er oppteken av nyheitsbiletet og kva som engasjerer samfunnet lokalt.
Er lærevillig og tilpassingsdyktig
Skriv nynorsk
Har førarkort (me har firmabil)
Me kan tilby:
Ein sjanse til å vere med å vidareutvikle ein heildigital lokalavis
Gode og fleksible arbeidstider
Ein sjanse til å få teste deg sjølv i eit arbeidsmiljø med gode vilkår.
Arbeidsstad: Helst Årdal eller Sogndal.
For meir info, kontakt: Ansvarleg redaktør, Lasse Styve Andersen, lasse@porten.no, 452 032 59 Dagleg leiar, Kristine Haglund, kristine@porten.no, 948 61 766
Send søknad og CV til jobb@porten.no.
Søknadsfrist: Snarast, søknadar blir handsama fortløpande.
Oppstart: Etter avtale, helst mai.
Ettermiddagstur til Vetleknipen.Foto: Kristine Haglund
Ettermiddagstur til Store Soleibotntid.Foto: Kristine Haglund