LEDIG STILLING:

Porten søkjer deltidsjournalist og vikarar

Kan du tenkje deg å jobbe som journalist?

Grunna høgt nyheitstrykk og eit ønskje om å utvikle oss vidare, er me stadig på jakt etter ivrige skribentar som kan bidra til vårt team. Anten du kjem inn med bakgrunn som journalist, eller har ein skrivespire i deg som har lyst å lære meir om korleis ein jobbar i ein nyheitsredaksjon, så kan du fort vere den me ser etter.

Me tilbyr både opplæring og tett oppfølging for den som kjem inn i redaksjonen.

Ønskjer du å bidra som journalist inn i eit spanande nyheitsjagande team, i ein redaksjon med høgt tempo?

Om stillingane:

  • Journalistvikar deltidsstilling, 20-60%.

Kan du tenkje deg å jobbe 1-3 gangar i veka, ved ferieavvikling og noko oppdragsbasert? Me ser etter deg som er ute etter ein deltidsjobb, som kan jobbe mellom 20-60% og ekstra ved behov/ferieavvikling. Det er og aktuelt å jobbe noko oppdragsbasert når ting rører seg rundt om i Sogn.

Me søkjer og ringevikarar, som kan stille opp ved behov og dekke ulike arrangement.


Det skadar ikkje om du:

  • Likar å skrive og har interesse for foto
  • Trivst med tempo, jobbar effektivt og presist
  • Er allsidig og nysgjerrig
  • Er oppteken av nyheitsbiletet og kva som engasjerer samfunnet lokalt.
  • Er lærevillig og tilpassingsdyktig
  • Skriv nynorsk
  • Har førarkort


Me kan tilby:

  • Ein sjanse til å vera med å vidareutvikle ein heildigital lokalavis
  • Gode og fleksible arbeidstider
  • Ein sjanse til å få teste deg sjølv i eit arbeidsmiljø med gode vilkår.

Arbeidsstad: Årdal/Indre Sogn, etter avtale.

For meir info, kontakt:
Dagleg leiar, Kristine Haglund, [email protected], 948 61 766

Send søknad og CV til [email protected]

Søknadsfrist: Snarast, søknadar blir behandla fortløpande.

Oppstart: Hausten eller etter avtale

Powered by Labrador CMS