LEDIG STILLING:

Økonomiservice søkjer Økonomar/ seniorkonsulentar

Om arbeidsgivar:

Om arbeidsgivar:

Økonomiservice er eit autorisert rekneskapsbyrå som held til i Lærdal, Årdal, Sogndal, Vang, og Leikanger. Med 30 tilsette og 12 autoriserte rekneskapsførarar er vi eit av dei større sjølvstendige rekneskapsbyråa i landet. Økonomiservice as er medlem i Regnskap Norge.


Me søkjer etter økonomar/seniorkonsulentar i Økonomiservice. Me søkjer etter deg som har bakgrunn frå økonomi, eksempelvis rekneskap, revisjon eller liknande. Økonomiservice har kontor i Sogndal, Lærdal, Leikanger, Årdal og dekkar soleis heile Indre Sogn. Riktig kandidat ynskjer å vidareutvikle selskapet som ein viktig støttespelar for næringslivet i regionen.

Bransjen og selskapet er i ei spanande utvikling med nye teknologiske løysingar og tenester der kundane sine behov er i endring. Me ynskjer å gjere kvardagen enklare for kundane våre gjennom å levere effektive tenester av høg kvalitet, slik at verdiskapinga blir høgare. Med utgangspunkt i dette er selskapet ein totalleverandør av økonomi- og rådgjevingstenester.


ME KAN TILBY:

  • Stor grad av fleksibilitet
  • Utfordrande, spanande og varierte arbeidsoppgåver
  • Deltaking i eit sterkt fagmiljø med moglegheit til utvikling både fagleg og på andre områder
  • Eit uformelt og godt arbeidsmiljø
  • Løn etter avtale, samt gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Kontorstad etter avtale


KVALIFIKASJONAR/EIGENSKAPAR:

  • Minimum 1 års erfaring med arbeid innan økonomiområdet. Me vil også vurdere kandidatar med mindre erfaring som innehar gode kvalifikasjonar elles
  • Bachelor eller mastergrad innan økonomi, rekneskap og/eller revisjon
  • Autorisasjon som rekneskapsførar er ein fordel, men ikkje noko krav
  • Trivast med kundekontakt og er flink til å bygge gode og langvarige relasjonar
  • Endringsvillig, løysingsorientert, framtidsretta og evne og vilje til å ta ansvar
  • Evnar å strukturere og effektivisere tenesteleveransen
  • Er omgjengeleg, positiv og har gode samarbeidsevner
  • Gode IT-kunnskapar og systemforståing


UTVALDE AKTUELLE ARBEIDSOPPGÅVER:

  • Ansvar for eiga kundeportefølje innan anna næring og/eller landbruk
  • Bidra til vidareutvikling av tenesteleveransane og kompetansebygging internt
  • Tilby økonomisk rådgjeving innan ulike områder som gir meirverdi for kundane
  • Årsrekneskap og skattepapir
  • Rekneskap, budsjettering og rapportering


OM OSS:

  • Autorisert rekneskapsførarselskap som blant anna leverar tenester innan rekneskap, løn, skatt, økonomisk rådgjeving og leiarsupport
  • Me er i dag 30 medarbeidarar fordelt på dei ulike kontora
  • I 2019 hadde me 30-års jubileum og gjekk inn som partnar i Vekstrakjeda (https://vekstra.no/)


SAMAN SKAPAR ME VERDI - gjennom å vere Tett På - Løysingsorienterte - Framtidsretta


Dersom du er interessert i meir informasjon om stillinga, ta gjerne kontakt med

  • Assisterande leiar: Jon Arve Hatlevoll på telefon 916 32 837

SØKNADSFRIST: 18.06.2021
SØKNAD med CV sendast til: [email protected]

Powered by Labrador CMS