LEDIG STILLING:

Norconsult søkjer sivilingeniør / ingeniør maskin/ prosessteknikk
Vi søkjer sivilingeniør /ingeniør maskin /prosessteknikk til kontoret vårt i Årdal.
Industrimiljøet i Norconsult har eit godt renommé hjå fleire av dei største industriaktørane i Noreg. Vi opplever eit auka fokus på å sikre ein meir berekraftig produksjon blant kundane våre. Omstillinga av store industrianlegg kan vere både kompleks og ressurskrevjande. Etterspurnaden på bistand og kompetanse frå oss er stor, og vi ser difor etter nye kollegaer som kan styrke det tverrfaglege teamet vårt.
Kundeporteføljen vår spenner breidt, frå prosjekt hjå godt etablerte industriverksemder til prosjekt i nye industrisegment. Stillinga gjev moglegheit for utvikling innanfor blant anna smelteverk, akvakultur, hydrogen, lagring og transport av diverse materialar, næringsmiddel og batteriproduksjon.
Vi søkjer sivilingeniør/ ingeniør maskin/ prosessteknikk til kontoret vårt i Årdal. Norconsult har i Årdal 6 tilsette innan maskin, prosess, konstruksjonsteknikk og bygg og er ein del av vårt tverrfaglege miljø i Sogn og Fjordane med ca 70 tilsette totalt.
Er du nysgjerrig på korleis det er å jobbe i Norconsult? Sjå gjerne Rådgiverne der vi gir deg eit unikt innblikk i arbeidskvardagen vår: https://www.norconsult.no/radgiverne/
Dine arbeidsoppgåver kan vere:
Konseptutvikling i tett samarbeid med kunde
Prosjektering av prosessanlegg, stålstrukturar og utstyr
Analysar og optimalisering av prosessar og utstyr
Utarbeiding av P&ID’er, PFD’er, dataark og teknisk underlag
3D-modellering
Oppfølging av leverandørar
For oss er det viktig at du:
Har eit fagleg engasjement
Er kreativ, løysingsorientert og ønskjer fagleg utvikling
Tek initiativ, er målretta og resultatorientert
Er fleksibel og ansvarsbevisst
Er sjølvstendig, men likar å arbeide med menneske og fungerer godt i team – ein god relasjonsbyggjar
Er god til å formulere deg munnleg og skriftleg på norsk
Har erfaring med 3D-modellering og BIM
Hjå oss får du:
Faglege utfordringar med gode moglegheiter for sjølvutvikling i spennande tverrfaglege prosjekt
Moglegheit til å bidra i selskapet si utvikling innan berekraft, digitalisering og samarbeid
Sterk bedriftskultur og godt arbeidsmiljø prega av uformelle kommunikasjonslinjer på tvers av organisasjon og geografi
Delta på studieturar, interne fagsamlingar/fagnettverk, ulike sosiale arrangement, firmahytter, mm.
Gode lønns- og arbeidsvilkår
Moglegheit til eigarskap i Norges største tverrfaglege rådgjevarbedrift
Fleksibel arbeidstid
Fri heile jule- og påskeveka
Sommartid med 7-timarsdag frå starten av juni til midten av august
Innsending av søknad: Søknad med CV, vitnemål og attester skal sendast via vårt elektroniske søknadsskjema på våre internettsider. Vi gjer oppmerksam på at det kun er dei elektroniske søknadene som vil bli handsama. Søknaden må vere skriven på eit skandinavisk språk.
Ring oss gjerne for ein prat.
Robert Sandvik, Avdelingsleder Kontor, 917 16 211
I Norconsult utvikler vi morgendagens samfunn ved å kombinere ingeniørfag, arkitektur og digital kompetanse. Vi har en helhetlig tilnærming med utgangspunkt i lokal tilstedeværelse og tverrfaglig kompetanse og samarbeid. Gjennom nyskaping og innovasjon, og med formålet Hver dag forbedrer vi hverdagen , søker vi stadig etter mer bærekraftige, effektive og samfunnsnyttige løsninger. Vi er et medarbeider-eid rådgiverselskap, og våre 5 100 medarbeidere er fordelt på rundt 130 kontorer, hovedsakelig i Norden. Hvert år løser vi tusenvis av små og store oppdrag for private og offentlige kunder, innen blant annet bygg og eiendom, samferdsel, arkitektur, fornybar energi, vann og avløp, industri, sikkerhet, miljø og IT.
Søknadsfrist: 28.02.2022