LEDIG STILLING:

Mellom fjord og fjell, og med spektakulære naturopplevingar tett på, er det ledig 2 faste stillingar som frukt- og/eller bærrådgjevarar

NLR Vest søkjer rådgjevarar

I Noregs største frukt- og bærdistrikt treng vi fleire rådgjevarar.

Vil du jobbe hjå oss?

Vil du jobbe hjå oss?

Norsk Landbruksrådgiving Vest SA er eigd av 4000 medlemar og er størst innan landbruksfagleg rådgjeving på Vestlandet. Vi er 38 tilsette på 10 kontor. Arbeidsoppgåvene omfattar rådgjeving og fagleg utvikling innan jord- og plantekultur, økonomi og næringsutvikling, maskinteknikk, presisjon, planlegginga av landbruksbygg, helse, miljø og tryggleik. NLR Vest skal vere bonden sitt fyrsteval på rådgjeving.

Har du god kompetanse på frukt- og bærdyrking, helst ein bachelor- eller mastergrad innan plantevitskap, kan du vere blant dei personane NLR Vest ynskjer for stillingane. Relevant praksis kan kompensere for manglande utdanning. Om du er under utdanning kan eit samarbeid med utdanningsinstitusjonen om internship eller andre løysingar vere aktuelt, fram til studia er fullført.

Som nytilsett vil du arbeide tett saman med dei andre rådgjevarane på fagområdet, og du vert med i faggruppe for frukt og bær. Opplæring i arbeidsoppgåvene vil bli gitt. Stillingane vert helst plasserte ved eit av kontora som NLR Vest har på Leikanger i Sogn, på Sandane i Nordfjord eller på Lofthus i Hardanger, men plassering på andre kontor kan også vere aktuelt. På dei nemnte kontora er det sterke og aktive fagmiljø, med fast tilsette rådgjevarar som har god erfaring innan fagfeltet.

Arbeidsoppgåver:

  • Rådgjeving til frukt- og/eller bærdyrkarar innafor jord- og plantekultur
  • Planlegge og gjennomføre fagmøte, demonstrasjonar, kurs og prosjekt
  • Informasjonsverksemd
  • Registreringsarbeid i samband med forsøk, plantevern og prognosar
  • Andre oppgåver etter avtale.

Vi tilbyr:

  • Varierte, utviklande og interessante arbeidsoppgåver i eit aktivt fagmiljø med tru på frukt- og bærnæringa
  • Dyktige og positive medarbeidarar med høg fagleg kompetanse
  • Gode høve for fagleg utvikling
  • Stor grad av fleksibilitet og ansvar
  • Løn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Vi ynskjer ein medarbeidar med:

  • Interesse for, erfaring med og kompetanse på frukt- og/eller bærdyrking
  • Universitets- eller høgskuleutdanning innan jord- og plantekultur
  • Initiativ, engasjement og gode samarbeidsevner
  • Evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
  • Eigen bil til disposisjon og positivt syn på ein del reiseverksemd

Søknadsfrist: 19. november 2021. Søknaden sendast på e-post til NLR Vest SA: [email protected]

For meir informasjon om stillinga ta kontakt med:

Powered by Labrador CMS