LEDIG STILLING:

Malermester Eilert & Edvin Holme søkjer administrasjonsleiar

Spennande administrativ stilling i Malermester Eilert & Edvin Holme AS

Om arbeidsgivar:

Om arbeidsgivar:

Malermester Eilert & Edvin Holme er lokalisert i Sogndal, og tilbyr tenester innan måling, mur, flis og golvleggjing. Verksemda har 21 stolte handverkarar, som utfører solid handverk og god service til våre kundar. Me har tilsette frå ulike nasjonalitetar, blant anna Noreg, Polen og Portugal. Malermester Eilert & Edvin Holme AS er eigd av Håndverksgruppen AS. HG er eit lite stykkje nordisk industrieventyr, som samlar lokale handverksverksemder innan overflater i eit landsdekkjande konsern.

Me søkjer ein serviceinnstilt administrasjonsleiar til Malermester Eilert & Edvin Holme AS. Stillinga er nyoppretta og du vil få moglegheit til å påverka stillinga sitt innhald.
Me tilbyr ein variert kvardag, der du vil jobba tett på verksemda sin dagleg leiar og BAS’ar. Sogndal er eit regionsenter i utvikling, og er kjent for sin spektakulære natur. Er du interessert i friluftsliv, er Sogndal eit eldorado!

Arbeidsoppgåver:

  • Fakturering og rapportering
  • Timeregistrering
  • Lønskøyring
  • Administrasjon av kontraktar, kompetansebevis, HMS-kort m.f.
  • Ha dialog med BAS’ane
  • Andre forefallande oppgåver
  • Anbodsrekning/kalkulasjon

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:

Me ser etter deg som likar å samarbeida med andre og har evne til å byggje relasjonar. Du må vere serviceinnstilt og ha ei positiv utstråling. Me ønskjer oss ein person som er løysingsorientert og strukturert, og har teft for effektivisering. Det er ein fordel om du har noko erfaring og forståing for rekneskap og lønskøyring. Du må ha gode datakunnskaper, og gjerne kjennskap til excel, tripletex og geometra. Det viktigaste er likevel at du er engasjert, proaktiv og lærevillig.

Me tilbyr:

  • Ei variert og spannande stilling i ei verksemd i vekst
  • Moglegheit til å påverka eigen arbeidskvardag
  • Ein hektisk og spennande kvardag- Gode utviklingsmoglegheiter i eit solid firma
  • Eit godt arbeidsmiljø basert på tillit

Søknadsfrist: 31.08.2022

For spørsmål, kontakt:
Jorid Solem, HR og Rekrutteringsansvarlig, 908 51 488
Eilert Holme, Dagleg Leiar, 959 42 954

SØK HER

Powered by Labrador CMS