LEDIG STILLING:

Lustrabadet søkjer badevertar
Lustrabadet søkjer badevertar i ulike stillingar.
Vil du vere med i vårt flotte team av badevertar?
Me søkjer:
- Badevert - 54,79% fast stilling
- Badevert - vikariat 89,20%
- Badevert - vikariat 87,09%
- Tilkallingsvakter
Lustrabadet kan tilby ein spennande og variert arbeidskvardag der ein møter masse hyggelege badegjestar. Den me er på jakt etter har eit vinnande vesen som liker å ta i eit tak og som tek tryggleik og reinhald på alvor!
Oppgåvene til badeverten
- Tilsyn i badeanlegget og monitorvakt
- Drift av kafé og resepsjon
- Dagleg reinhald
Kven er du?
- Positiv og engasjert samt glad i varierte arbeidsoppgåver
- Serviceinnstilt og omgjengeleg
- Fylt 18 år
- Ikkje redd for vatn :)
- God muntleg og skriftleg norsk
- Må kunne framlegga politiattest
Tiltreding: 01. januar. 2023
Løn og pensjonsordning i h.h.t. kommunalt avtaleverk
Søknadsfrist: Snarast