LEDIG STILLING:

Lustrabadet søkjer badevertar

Me søkjer badevert til vikariat i 89,20% og tilkallingsvikarar.

Vil du vere med i vårt flotte team av badevertar?

Lustrabadet kan tilby ein spennande og variert arbeidskvardag der ein møter masse hyggelege badegjestar. Den me er på jakt etter har eit vinnande vesen som liker å ta i eit tak og som tek tryggleik og reinhald på alvor!

Oppgåvene til badeverten

  • Tilsyn i badeanlegget og monitorvakt
  • Drift av kafé og resepsjon
  • Dagleg reinhald

Kven er du?

  • Positiv og engasjert samt glad i varierte arbeidsoppgåver
  • Serviceinnstilt og omgjengeleg
  • Fylt 18 år
  • Ikkje redd for vatn :)
  • God muntleg og skriftleg norsk
  • Må kunne framlegga politiattest

Løn og pensjonsordning i h.h.t. kommunalt avtaleverk

..

Vikariat - 89,20%

Tiltreding: 20. juni, i fyrste omgang ut august 2022, men STOR moglegheit for forlenging ut 2022.

Tilkallingsvikarar

Tiltreding: snarast!

..

Søknadsfrist: Snarest

Send søknad til: [email protected]

Powered by Labrador CMS