LEDIG STILLING:

Vil du vere med å skape gode
kundeopplevingar i Luster Sparebank?

Luster Sparebank søkjer marknadsførar/ rådgjevar

Om Luster Sparebank:

Luster Sparebank er ein solid og sjølvstendig sparebank med målsetjing om ekspansjon og vekst.

Banken har hovudkontor i Gaupne og filial på Hafslo i Luster Kommune. Me har 24 tilsette og konkurransedyktige tilbod av finansielle tenester, produkt og moderne digitale løysingar. Vår visjon er saman når me måla dine og personleg kontakt, tillit, rådgjeving, raske avgjerder og god service er viktige element for oss. Dette ynskjer me å utvikle vidare i tråd med verdiane våre, som er personleg, ansvarleg og kompetent.

Ynskjer du ein variert arbeidskvardag? No har me ledig ei spanande stilling der du både kan arbeide kunderetta gjennom å finne gode løysingar for kunden, og få brukt dine kreative evner på marknadsarbeid.

Me ser etter nokon som likar å jobbe med kundar, og som blir motivert av å skape gode kundeopplevingar. Å utvikle banken sine relasjonar til både eksisterande og nye kundar vil vere ein viktig del av jobben.

Stillinga vil inngå i banken si marknadsgruppe.

Arbeidsoppgåver

  • Marknadsføring
  • Produsere innhald og oppdatere digitale kanalar
  • Kunderådgjeving

Ynskjelege kvalifikasjonar

  • Høgare utdanning
  • God på digital marknadsføring
  • God skriftleg framstillingsevne (nynorsk er skriftspråk i banken)
  • God økonomisk forståing

Personlege eigenskapar

Me ser etter ein kreativ og løysingsorientert person som brenn for god kommunikasjon der målgruppa står i fokus, både i den digitale og fysiske verda.

Du må ha ei positiv innstilling som verdset godt arbeidsmiljø med lagspel og arbeidsglede.

Me kan tilby

Spanande og varierte oppgåver som vert løyst i lag med trivelege arbeidskollegaer.

Gode velferdsordningar, fleksitid og løn etter avtale.

Moglegheit for fagleg og personleg utvikling.

Bli med på utviklinga i Luster Sparebank, der gode løysingar og service til kundane står i fokus.

..

Kontaktperson: Lene Fuhr Sandvik, Leiar Personmarknad
Telefon: 46970727. Epost: [email protected]

..

Søknadsfrist: 20.10.2021

Send søknad til: [email protected]

Powered by Labrador CMS