LEDIG STILLING:

Luster Sparebank søkjer kunderådgjevar personmarknad
Me ser etter nokon som likar å jobbe med kundar, og som blir motivert av å skape gode kundeopplevingar. Å utvikle banken sine relasjonar til både eksisterande og nye kundar vil vere ein viktig del av jobben.
Arbeidsoppgåver
- Breidderådgjeving innan kreditt, forsikring og sparing
- Ansvar for eigen kundeportefølje
Ynskjelege kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning
- God økonomisk forståing
- Erfaring frå kunderetta rådgjeving/sal
- Gjerne autorisert innan kreditt/forsikring/AFR
Personlege eigenskapar
Me ser etter ein person som er god på å finne dei rette løysingane for kunden i forskjellige fasar av livet.
Du må ha ei positiv innstilling som verdset godt arbeidsmiljø med lagspel og arbeidsglede.
Me kan tilby
Ei fast stilling med spanande og varierte oppgåver som vert løyst i lag med trivelege arbeidskollegaer.
Gode velferdsordningar, fleksitid og løn etter avtale.
Moglegheit for fagleg og personleg utvikling.
Bli med på utviklinga i Luster Sparebank, der gode løysingar og service til kundane står i fokus.
Nærare opplysningar om stillinga kan du få hjå leiar for personmarknad, Lene Fuhr Sandvik, tlf. 57 68 23 27 eller mobil 469 70 727.
Søknadsfrist 19. januar.