LEDIG STILLING:

Ledige stillingar på skulane i Årdal

Årdal kommune har to grunnskular, Farnes skule i Øvre Årdal og Tangen skule på Årdalstangen.

På Tangen skule er desse stillingane ledige frå nytt skuleår:

  • 3x 100% faste stillingar som lærar
  • 3x 100% faste stiilingar som fagarbeidar/assistent
  • 100% fast stilling som miljøterapeut

På Farnes skule er desse stillingane ledig frå nytt skuleår:

  • 100% fast stilling som lærar
  • 100% vikariat som lærar
  • 100% vikariat som miljøterapeut

Ber om at de skriv kva slags stilling de søker på.

Arbeidsoppgåver som lærar

Stillingane som lærar har arbeidsoppgåver knytt til undervisning både på barnesteget og ungdomssteget inkludert spesialundervisning.

Den som vert tilsett må rekne med å bli pålagt kontaktlæraransvar.

Arbeidsoppgaver som miljøterapeut/miljøarbeidar

  • Følgja opp elevar med særskilte behov både i skulearbeid, friminutt og før/etter skuletid.
  • Hjelpa elevane med å få ei god, sosial utvikling gjennom kommunikasjon og samspel med andre.
  • Delta i all aktivitet saman med ungane.
  • Samarbeida med personale og heimane til borna sitt beste.
  • Bidra til å gjere borna sin kvardag så stabil og forutsigbar som mogeleg.

Kvalifikasjonskrav

  • Det er krav om godkjendt undervisningskompetanse for tilsetting som lærar i grunnskulen, og me ønskjer spesielt søkjarar som har undervisningskompetanse i musikk, norsk for språklege minoritetar og spesial pedagogikk.
  • Det er og ønskjeleg med erfaring frå undervisning på barnesteget og av elevar med minoritetsspråkleg bakgrunn.
  • Til stillingane som miljøterapeut er det er ei føremon med høgskuleutdanning innan vernepleie/barnevern.
  • Til stillingane som fagarbeidar/assistent er det ei føremon med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, men andre med anna relevant utdanning eller praksis kan og søkje.
  • Gode digitale ferdigheiter er eit krav.
  • Dei som vert tilsett, må kunne legge fram godkjent politiattest av nyare dato.

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.

Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.

Me tilbyr

  • Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår.
  • Godt og stabilt arbeidsmiljø med god fagkompetanse.
  • Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Kontaktperson:

Kurt Jevnaker, mob: +47 953 66 003, epost: kurt.jevnaker@ardal.kommune.no

Jan Kåre Stedje, mob: +47 913 58 017, epost: jan.kare.stedje@ardal.kommune.no

Søknadsfrist: 12.06.2023

SØK HER

Powered by Labrador CMS