LEDIG STILLING:

Ledige stillingar på Kommunikasjonssenteret hjå NAV Økonomiteneste

NAV Økonomiteneste (ØT) er ein intern tenesteleverandør som leverer lønns- og rekneskapstenester til alle NAV sine statlege einingar. Dette inneber mellom anna utbetaling av 450 mrd. kroner i årlege ytingar, samt rettleiing for etaten sine 14 000 tilsette. NAV Økonomiteneste har ei viktig rolle for å sikre god rekneskapskvalitet i NAV. Eininga består av 95 tilsette fordelt på tre seksjonar og er lokalisert på Leikanger i Sogndal kommune, Vestland fylke. Eit av våre satsingsområde er å vidareutvikle ØT sitt kommunikasjonssenter. Vi skal derfor styrke vårt miljø med ein fast og ei mellombels stilling som jobbar med kundeoppfølging, informasjons- og opplæringsaktivitetar. I tillegg har ØT ei viktig rolle i innføring av nye økonomiløysingar i NAV dei næraste åra.

Arbeidsoppgåver

Kommunikasjonssenteret er organisert i seksjon for Fagstøtte. Vi er brukarstøtte for tilsette i NAV og for leverandørar knytt til fagområda rekneskap, faktura og lønn, i tillegg leverer vi informasjons- og opplæringsmateriell på våre område.

Døme på oppgåver:

  • Hjelpe kundar via telefon og digitale kanalar
  • Planlegge og gjennomføre kommunikasjon og opplæringstilbod tilpassa kundane sine behov
  • Produsere innhald og publisere i eksisterande kanalar som intranett, Teams, Yammer og webinar
  • Bidra til å vidareutvikle ØT sitt opplærings- og kommunikasjonsarbeid

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgskule- eller universitetsutdanning, gjerne innan media/kommunikasjon, samfunnsfag eller økonomi
  • Relevant erfaring innan kundeservice og kommunikasjon
  • God munnleg, skriftleg og visuell framstillingsevne på norsk
  • Kunnskap om bruk av teknologi og kanalar/verkemiddel i kommunikasjonsarbeid
  • Kjennskap til løns- og rekneskapsområdet vil vere ein fordel

Personlege eigenskapar

  • Du evner å jobbe effektivt og gjer gode prioriteringar
  • Du har evner til å samarbeide godt med andre, samtidig som du kan jobbe sjølvstendig
  • Du er serviceinnstilt og har evne til å sette deg inn i kundens behov
  • Du har engasjement for kommunikasjon og formidling
  • Du er kreativ, positiv og initiativrik

Vi tilbyr

  • Eit godt, inspirerande fagleg og sosialt miljø med spennande oppgåver
  • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
  • Familievenleg personalpolitikk med gode velferdsordningar
  • Gode arbeidstidsordningar med fleksitid og treningstime i arbeidstida
  • Lønn som rådgjevar i lønnsspenn kr 468 300 - 534 400 brutto pr. år. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast
  • God pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse

Arbeidsstad er Leikanger, og vi praktiserer hybrid arbeidskvardag med moglegheit for heimekontor. Fint om du skriv i søknaden om du søker på den faste eller den midlertidige stillinga, eller begge.

Kontaktinformasjon

Ingeborg Husabø Bjørseth, Nestleiar, 48294414, ingeborg.husabo.bjorseth@nav.noKatrine Evebø, Fungerande seksjonsleiar, 95972126, katrine.evebø@nav.no

Søknadsfrist: 22.05.2022

SØK HER

Powered by Labrador CMS